Sunnfjord Museum
Tre kvinner står i ein hage med planter kring seg. Ei kvinne bøyer seg ned for å sjå nærmare på planten.

Urtehagen

Stad Sunnfjord Museum

Tidleg på 90-talet sat Ludvig Søgnen, (tidlegare museumsleiar på Sunnfjord Museum) og Randi Lange nede ved vatnet i Movika. «Kva skal eg gjere med denne steinrøysa bak meg?», spurte Ludvig. «Lag ein urtehage», svarte Randi. Slik fekk vi urtehagen vår.

Urtehagen er ein viktig del av friluftsmuseet. Her finn du plantar som alle er levande berarar av gamle tradisjonar, nasjonalt og lokalt. Alle har vore nytta her i Sunnfjord, og mange av dei heilt opp til våre dagar.

Plantene og urtene vart nytta til mat og smakstilsetjing, medisinsk bruk, til farging og andre daglegdagse føremål. Frå mai - oktober ligg det ein perm i urtehagen (ligg i eit stativ), og her kan du lese meir om dei ulike urtene. Tekstane om dei ulike plantane er skrive av Ellen Bjelke.

Velkomen til ei sanseleg oppleving!

Nærbildete av ei plante. I bakgrunnen står fleire planter og blomar.
I urtehagen finn du planter som agurkurt, ringblomst og solblom. Små skilt viser deg namn på kvar plante. Nyt synet i bløminga frå juni-september.

Tradisjonelle legeplanter i ny forsking

Mange av plantene i urtehagen vart nytta i folkemedisinske oppskrifter for både folk og dyr. Kunnskapen levde i ein levande tradisjon som var i bruk fram til skulemedisinen tok over for 100 -150 år sidan. Mange oppskrifter med bruk av medisinske planter finnast i svartebøker frå tidlig nytid. I svartebøkene blir det skildra kva som skal brukast, kva tid urten skal samlast inn og korleis dei skal brukast.

I det tverrfaglege forskingsprosjektet REA: Life har forskarar ved Universitetet i Oslo nytta svartebøker og andre tradisjonelle folkemedisinoppskrifter og prøva ut fleire mindre kjente medisinplanter nytta i norsk folkemedisin. Fleire av urtene, som Kvann og perikum finn du i Urtehagen vår. Du kan høyre meir om forskinga i Ekko på NRK P2 eller lese meir i Universitetet i Oslo sitt forskarmagasin Apollon

sunnfjord-museum/alantrot_inula-helenium_m_img_7447.jpg.
Alantrot som får besøk av ei humle. Det er godt å vere innsekt i urtehagen!