Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Portrett av smilande kvinne med blondt hår, store øyredobbar og perlekjede.
Publisert 02/09/2024
Av Henning A. Hellebust

Amerikanar ny museumsleiar i Sunnfjord

Med røter i Jølster, har Sallie Anna Pisera både skrive master og gjort doktoravhandling i Sunnfjord. No vert den 33 år gamle akademikaren frå Wisconsin leiar på Sunnfjord Museum i Førde.

– Då mor mi sende meg på sommarleir for å lære norsk som ti-åring, vart interessa tent. Eg fekk meg brevvenn, eit søskenborn i Norge på min eigen alder. Sidan har eg utvikla språk-kunnskapen min, og mellom anna studert norsk på Universitetet, seier Sallie Anna Pisera.

Og sidan har det gått slag i slag. Dei norske røtene har vore ein stadig større drivar for ho.

Vevmønster frå Jølster

Mykje av årsaka til at ho står her framfor Sunnfjord museum i dag, byrja med smettevev frå Jølster. Det var mykje tekstilarbeid i familien hennar, blant anna slik vevnad. Dette, fann ho ut, kunne ein finne ut meir av, ved å studere folkloristikk på universitetet. Så folkloristikk vart det, i stort monn, på Universitetet i Wisconsin, Madison.

Smilande kvinne med blondt hår framfor Sunnfjord Museum.

– Då kunne eg reise til Jølster og drive feltarbeid saman med damer som driv smettevev i dag. Der lærte eg korleis denne eldgamle kulturen har blitt eit identitetssymbol, seier ho.

Dette var tilbake i 2014. Året etterpå kom ho tilbake for å forske og skrive masteroppgåve om temaet. I ein periode fekk ho bu i oldemora sitt hus, i Sanddalen. På den tida var det flyktningmottak på Jølster hotell, eit bygg som tippoldefaren til Pisera har vore med å bygge. Då ho sykla forbi, pirra nysgjerrigheita henne slik, at ho måtte på besøk. Ei innsikt som oppstod i det som følgde, tok ho med seg vidare i doktorgradsarbeid.

Eigen migrantbakgrunn

Med eit bakteppe der eigen familie var immigrantar, som hadde med seg handverkstradisjonar til USA, vart ho nysgjerrig på kva tradisjonar flyktningane som kom til Norge, hadde med seg. Spesielt kom ho i kontakt med somaliske flyktningkvinner. Seinare vart ho med i ei sygruppe med flyktningar i Florø. Denne tok ho utgangspunkt i for å skrive doktorgrad. Ho ønskte å finne ut korleis dei kom saman og skapte fellesskap gjennom tekstilarbeid.

Kvinne står bak rekkverk på steinhelle over liten bekk mellom tømmerhus.
Ein ny kvardag ventar i Movika.

Etter dette har ho også lært seg somalisk og jobba vidare med prosjekt, organisasjonar, museum, bibliotek og forsking knytt til folklore for allmenta som postdoktor.

– Eg visste at då eg var ferdig med det, ønskte eg å flytte til Norge. Så dei siste åra har eg leita etter jobb her. Då mannen min og meg var på besøk i Sunnfjord i april, fekk vi omvising av museumsverten, Knut Arild. Då kom vi i prat, seier ho.

Tilfeldig besøk gav jobb-mogelegheit

Omvisaren fekk vite om bakgrunnen hennar, at ho jamvel i ein periode under feltarbeidet sitt hadde hatt kontorplass på Sunnfjord museum. Då var det gjort. Knut Arild kan ha ant potensialet, og spurte om ho visste at museet faktisk var på leit etter ny museumsleiar.

– Det visste eg ikkje, men då eg kom tilbake til USA, søkte eg på jobben. Og her er eg, seier ho.

Funfacts om den nye museumsleiaren

Har sydd sin eigen Sunnfjordbunad.

Likar å lage perlesmykker.

Er friluftsperson.

Snakkar norsk, tysk, somalisk og litt polsk.

Ho fortel at ho er veldig spent på kva mogelegheiter ho får i Movika og i Musea i Sogn og Fjordane. Ho ser fram til å konsentrere seg om prosjektarbeid og strategiutvikling på Sunnfjord Museum, og har samtidig ambisjonar om å bidra til forsking og i kultursektoren.

Har med nytt perspektiv

– Det er veldig spennande med stiftinga som har tolv museum, det gjev mogelegheit for samarbeid mellom institusjonar. Det styrkar arbeidet, og det gjev meg mogelegheit til å utvikle meg sjølv meir profesjonelt, seier Pisera.

Ung lyshåra kvinne med blå dressjakke framfor gamal trebygning.
Sallie Anna Pisera trivst godt blant dei gamle husa på Sunnfjord Museum.

Ho ser for seg å bygge vidare på aktivitetane og utstillingane knytt til friluftsmuseet, samlingane og kompetansen på museet. Samtidig legg ho ikkje skjul på at no har med seg eit unikt perspektiv til jobben.

– Eg kjenner det norske godt, samtidig som eg er outsider som amerikanar. Eg kjenner også godt til ulike etniske samfunn i området, og meiner eg kan bidra med nye tilnærmingar for å utvikle museet, seier ho.

Samtaler på tvers av kulturar

Ho meiner miljøutstillingar, som friluftsmuseet på Sunnfjord Museum, gjev grunnlag for djupt engasjement, det å fysisk oppleve tidlegare levesett. Eit viktig grunnlag for å forstå.

– Men så har mange kulturar folkloristikk som liknar på kvarandre, eller forskjell som vekker samtale. I postdoktorprosjektet mitt vart eg interessert i norske og svenske immigranthytter som er bevart av Pioneer Village Museum i Wisconsin, og i ei somaliske nomadiske hytte, aqal, som er bevart av Somali Museum of Minnesota. Eg fant at å framstille desse bygningane og folkloristikken man, bidrog til å samtale om korleis hus vert bygde, kva dei er brukt til og kva dei betyr for folk, seier ho.

misf/2024-09-02_14-20_sallie-anna-pisera-8.jpg.

Sallie Anna Pisera byrja i jobben 2. september. Ho vil vere til stades under den tradisjonelle Handverksmessa til Sunnfjord Museum 7. og 8. september.

«Tydeleg, målretta og fagleg sterk»

– Vi er svært glade for at Sallie takka ja til å gå inn i denne viktige leiar-rolla, og gler oss til å sjå korleis ho saman med dei andre tilsette vil utvikle museet vidare, seier avdelingsdirektør for kulturhistorie, Synnøve S. Bjørset i Musea i Sogn og Fjordane.

Ho framhevar både Pisera sin bakgrunn og erfaringar med programmeringsarbeid som viktig for at ho vart valt til jobben.

– I rekrutteringsprosessen vart vi kjend med henne som tydeleg, målretta og fagleg sterk. At ho har med seg både innafrå- og utanfrå-perspektivet vil vere ein styrke for Sunnfjord Museum, seier Bjørset.

Fleire nyhende frå Musea i Sogn og Fjordane

Sjå alle