Sunnfjord Museum
Dronefoto av Sunnfjord Museum.

Velkomen til jubileumsåret!

Sunnfjord Museum feirar 100 år. Følg med på denne sida for oppdateringer om arrangement og program i 2026 og 2027.

Jubileumsåret er i gong! Video: Henning A. Hellebust.

Jubileumsutstilling
Røter i rørsle: 100 år på Sunnfjord Museum

sunnfjord-museum/jubileum/l_108702.jpg.
Desse ølstaupa frå Askvoll var blant dei første gjenstandane som vart tekne inn i samlinga til Sunnfjord Museum. Du kan sjå dei, og andre spennande gjenstandar frå samlinga, i jubileumsutstillinga.

I jubileumsutstillinga «Røter i rørsle» får du eit innblikk i museumshistoria frå skiping av Sunnfjord sogelag i 1910 til opninga av det nyrestaurerte Løsetloftet i 2026. Utstillinga legg særleg vekt på korleis museet har bevart ein levande kulturarv gjennom bygningsantikvarisk arbeid, bevaring av folkedrakter, og formidling til folk i alle aldrar. Samstundes inviterer utstillinga deg til dialog om identitet og kulturarv i dag. Korleis skal vi samle på og formidle felles forteljingar dei neste hundre åra?

Folkedrakter og bunadar i utstilling.
Folkedrakter frå samlinga og bunadar frå bunadsnemnda i Sogn og Fjordane er på visning i "Røter i rørsle". Lokale bunadstilverkarar Ann Lundekvam og Bodil Myklebust var med på å montere bunadane i utstillinga.

Løsetloftet

Løsetloftet under restaureringa.

Sidan 2023 har handverkarane på museet jobba med restaurering av Løsetloftet, eit loft frå Løset i Jølster, bygd kring 1640. Bygningen vart ein del av museumssamlinga i 1953 og er freda. Freding betyr at eit bygg har den strengaste form for vern hos Riksantikvaren. Restaureringa av Løsetloftet har vore ein grundig prosess der vi har lagt vinn på å sikre at alle tiltaka er gjort etter antikvariske prinsipp.

Her viser handverkarane på museet kløyving av eit tømmerstokk som vart brukt i restaurering av Løsetloftet. Video: Henning A. Hellebust.

Til Løsetloftet knyter det seg også eit spennande segn! Christian IV av Danmark-Noreg skal ha overnatta her då han reiste gjennom distriktet for rundt fire år sidan. Handverkarane har laga ein kopi av senga han sov i slik at du kan oppleve loftet slik kongen kan ha gjort det.

Movika Landhandel og Skomakarverkstad

sunnfjord-museum/jubileum/landhandel-sunnfjord-museum-msf-06333.png.
Museumspedagog Nina Renate Brendsdal er klar for å vise deg den nye, tilgjengelege aktivitetsutstillinga, Movika Landhandel og Skomakarverkstad!

Kom inn i Movika landhandel og skomakarverkstad og kjenn lukta av søte drops, krydder og lêr!

Bygningen er eit loftshus frå Vikja i Gaular og har fått kallenamnet «Gulehuset» på museet. Gulehuset vart innlemma i museumssamlinga i 1952, og det vart opphavleg brukt som visningshus for museumsgjenstandar. No lever huset vidare med nye utstillingar som presenterer to viktige næringar i Sunnfjord på 1900-talet: landhandel og skomakeri.

I landhandelen kan du opne skuffer, ta på butikkvarer og oppleve ei tid då handelen føregjekk over disk. I skomakarverkstaden er det utstilt gjenstandar frå ein verkstad i Litlevika i Flekke i Fjaler. På enkelte arrangementsdagar kan du prøve ulike handverksaktivitetar her.

Utstyr frå ein skomakarverkstad.

Gulehuset har inngang med rampe slik at det er tilgjengeleg for folk som bruker rullestol eller rullator. Huset er også tilrettelagt for svaksynte og blinde, med godt lys og utstillingstekstar i punktskrift.

Ei utstilling med tekst på punktskrift.
Ei utstilling om handel med tekst på punktskrift er blant dei tiltaka som gjer Gulehuset tilgjengeleg for folk flest.