Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Ung mann høgger med øks.
Publisert 06/02/2025
Av Henning A. Hellebust

Elevar fekk prøve tradisjonsverktøy

Flisene fauk då tømrarelevar frå Førde vidaregåande skule utfolda seg med historiske handverksteknikkar på Sunnfjord Museum.

Ein rundstokk som er kløyvd etter margen - margkløyvd - skal øksast til ein laftestokk. Reiskap? Økser som høver til jobben. Først teikne opp kvar ein skal hogge med kritsnor. Så feste stokkane med holdhake. Fram med storøksa, hogge inn hakk til linja, klamphogge. Så skante – hogge bjelken flat langs linja. Enkelt forklart.  

– Er det nokon som vil prøve seg først, spør museumshandverkar Knut Arve Helle.

Mann med to økser.
Museumshandverkar Knut Arve Helle forklarar bruken av ulike økser.

Ei handfull unge karar i arbeidsklede frå tømrar vg2 ved Førde vidaregåande skule nøler litt, før to elevar tek eit steg fram. Dei får ein demonstrasjon og terping om tryggleik med øks, og så er det berre å setje i gong. Litt forsiktig til å byrje med. Etter beskjed frå Helle om å bruke meir krefter, byrjar flisene å fyke.

To elevar høgg på ein tømmerstokk.
Her er Christer Dyngen og Aleksander Håland snart ferdige med å skante ein laftestokk. Elias Ålen ventar på tur.

Kjende seg bøs

– Eg har ikkje høyrt om det før, klamphogging og skanting, men eg tykte eg fekk det til. Det var kjekt, det er fett å bruke øks, det brukar vi ikkje så ofte. Du føler deg litt bøs, smiler Christer Dyngen.

To elevar høgg på ein bjelke.
Vegard Otterlei Frøholm og Sebastian Årdal Kongsvoll høgg etter den raude linja frå kritsnora. Museumshandverkar Elling Hauge frå Nordfjord Folkemuseum rettleier.

Besøket frå skulen er eit nytt initiativ frå Sunnfjord Museum. Det handlar om å gjere framtidas handverkarar kjende med den antikvariske retninga i tømrarfaget.

– Tanken bak er at elevane skal få ei forståing av yrket vi utøver her på museet, og bli kjende med oss som faginstans. Vi ønskjer at dei skal vite om at med fagbrev, er dette ein retning dei kan gå vidare, seier Helle.

Behovet for påfyll av handverkarar som kan jobbe med antikvariske bygg er stort. Både innanfor musea, men også hjå verksemder som spesialiserer seg på slikt.

Ung mann slår med slegge.
Christer Dyngen brukar slegga, Knut Arve Helle held kløyvekniven. Her høgg dei ut emne til trepluggar til å feste bordkledning. Aleksander Håland i forgrunnen.
Treplugg og spikkekniv ligg på hoggestabbe.
Ein spikkekniv og ein ferdig treplugg.

– Eg vil tru at dei som har jobba som fagmenn i nokre år, i den nymotens industrien, kanskje vil klø i fingrane etter å jobbe med treverk. Dette er ei heilt anna verd å jobbe i. No kjenner dei til den måten å arbeide på, seier Helle.

Praktisk arbeid

Her fekk dei verkeleg prøve seg på praktisk arbeid. Teste verktøy dei ikkje har erfaring med, teknikkar som følgjer med og ikkje minst ei djupare forståing for trevirke. Både grovhogging med ulike typar økser, frå store biler til småøkser. Eller finarbeid, å hogge og spikke trepluggar ut av ein stubbe.

I verkstaden fekk dei også teste fleire ulike høvlar. Okshøvel som ein må vere to for å dra, grovhøvel, langhøvel, profilhøvel. Dei fekk prøve ulike grindsager og større sager ein kan jobbe to om gongen med.

Kvinne viser to ungdomar korleis høvle.
Museumshandverkar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Jill Tefre, viser Oliver Olset (t.v.) og Valentino Cardenas Fugle korleis ein brukar høvel til å rette ei fjøl.
Høvel med to handtak der eit grovt spon kjem ut.
To elevar dreg grove spon med ein okshøvel.
To ungdomar sagar ein kubbe med ei sag med handtak i kvar ende.
Det er ein første gong med alt, her prøver Valentino Cardenas Fugle og Oliver Olset ei tomanssag, også kalla stokksag.

– Her på museet lagar vi også mykje av verktøyet sjølv. Fleire av høvlane og grindsag har vi laga sjølv. Det er også ein del av yrket, seier Helle.

Skulen er takksam

Kontaktlærar Odd Jarle Hove er takksam for initiativet, og trur elevane får nye, viktige erfaringar denne dagen. At dei har fått prøve seg på ting dei vil ha nytte av seinare, også om dei ikkje går i den retninga.  

Portrett av vaksen mann med skjegg og strittande hår.
Kontaktlærar Odd Jarle Hove ved tømrar vg2 på Førde vidaregåande skule.

– Det ligg i læreplanen på vg2 tømrar at dei skal ha litt kjennskap til tradisjonell byggeskikk og reiskap, så dette passa veldig bra innanfor undervisinga. No har dei fått eit innblikk og kjennskap til at fagfeltet finst. Utan denne dagen, trur eg ikkje dei hadde visst om det, så det er eit viktig steg seier Hove.

– Vi har laga pluggar og hogd fram bjelkar. Det har eg ikkje vore borti før, ikkje å bruke øks slik. Eg tykte det var kjekt, tøft å sjå korleis det var før i tida. Eg får jo lyst til å prøve meir, men tenkjer vel ikkje no å gå vidare med tømrarfaget, seier elev Elias Ålen.

Ung gut festar ein stokk med eit vinkeljarn.
Elias Ålen festar ein stokk med holdhake.

Etter to heile dagar, der to klassar har fått prøve seg, er Knut Arve Helle klar på at dette har vore ei positiv erfaring for museet.

– Det gjekk veldig bra. Begge klassane var ivrige og lærenæme. Eg trur vi var heldige med dei, mange ønskte å prøve, dei var ikkje redde. Dette var «jihaa og bånn spikar»  og ingen problem å få dei til å jobbe. Eg såg heilt klart framtidige emne her, seier han.

Meir nytt frå Sunnfjord Museum

Sjå alle