Festen og utdelinga av medaljen var ei stor og fin overrasking for Ann, som trudde festen var til for å feire at bunadstradisjonen har kome på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv.
Men sjølv om UNESCO-lista nyheita òg var ein del av feiringa, var det faktisk Ann sjølv som skulle få mest merksemd denne dagen.
Ann fortel at ho vart overraska då ho dukka opp på Borgja og såg at heile familien med ungar og barnebarn frå rundt omkring i landet var til stades. Men, men, tenkte ho:
– Her skal vi verkeleg feire bunaden!
Familien til Ann og dei andre gjestane klarte å halde seg tause om den verkelege årsaka heilt fram til Jenny Følling talte.

– Eg vart veldig overraska, det vart eg jo! seier Ann og ler då ho møter til kaffiprat med Sunnfjord Museum sin leiar Sallie Anna Pisera i etterkant av festen.
Lokalt er Ann Lundekvam ein av dei som har hatt størst rolle i å halde på og fornye drakttradisjonen som nyleg har blitt anerkjent av det internasjonale kulturorganet UNESCO.
Komiteen som nominerte Ann består av representantar frå fleire organisasjonar, blant anna Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs ungdomslag. I nominasjonen deira viste dei til Ann sitt livslange rekonstruksjonsarbeid og dei mange granskingsprosjekta ho har vore med på.
– Det er så fantastisk kjekt å ha vore med på å blåse liv i Sunnfjord-tradisjonen, smiler Ann.
Fann bunadsinteressa på Heimeyrkjeskulen
Ann begynte å interessere seg for drakttradisjonar då ho gjekk på Heimyrkjeskulen på Vassenden i Jølster tidleg i 1970-åra. Det var der ho fekk si første oppgåve innan rekonstruksjonsarbeid. Ho blei bedt av den dåverande husflidskonsulenten i Jølster, Elsa Eikås Bjerck, til å veve kopiar av gamle forkle frå distriktet. Ann sydde også den gongen sin aller første bunad. Ho vart fanga av husflidstradisjonen.

I 1980-åra kom Ann med inn i Bunadsnemda i Sunnfjord Ungdomslag. Saman med dei andre i nemnda fekk ho mandat om å rekonstruere kvinnebunad frå Sunnfjord frå perioden 1800-1850.
Etter det gjekk Ann i gong med djupt og systematisk dokumentasjonsarbeid med drakter i samlinga til Sunnfjord Museum. Resultatet var dei fargerike rekonstruerte bunadene mange kjenner til i dag.

Ikkje så opptatt av rett og galt
Mens Ann fortel om karrieren sin, viser ho òg til mentorane sine: folkloristen Ågot Noss og tradisjonsberaren Aud Sunde. Desse, seier Ann, var dei store førebileta for rekonstruksjonsarbeidet som ho held på med framleis.
Frå Ågot Noss seier Ann at ho lærte å tenkje på bunadstradisjonen som ein nyansert heilheit. Den består av sjølve draktplagga, men den handlar også om arvetradisjonar i enkelte familiar og om individet si tilkopling til eiga drakt.