Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/mostien-huldrefossen.jpg.

Mostien

Stad Sunnfjord Museum

Mostien er ei vandrerute som høver både for born og vaksne. Langs den merka stien finn du kulturminne og informasjonstavler som forklarar den lokale natur- og kulturhistoria i indre Sunnfjord som stølsdrift, sagbruk, vegetasjon, jakt og fangst. Deler av stien følgjer Den Trondhjemske Postvei. Ulike stader på vegen kan du nyte utsikta over Movatnet, elva Jølstra, og den 90 meter høge Huldefossen.

Turen startar ved parkeringsplassen på Sunnfjord Museum og går langs merka sti. Frå parkeringsplassen går stien langs Den Trondhjemske Postvei, før den går ut i skogen og opp til  museumsstølen. Frå stølen går stien på ei høgde parallelt med Movatnet til bustadfeltet på Mo og til jordbruksskulen. Vegen inn til Huldefossen går over brua og ein sti langs Jølstra. Frå jordbruksskulen kan du følgje same veg tilbake til Sunnfjord Museum. Turen tek om lag 45-60 minutt kvar veg, og ca. 3,5 km lang.

Vi arbeider med å oppgradere Mostien.

Kart over Mostien som går frå Sunnfjord museum til Mo jordbruksskule. Stien er markert med raude prikkar.