De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
To kvinner ser på eit vevd teppe under ei plexiglasplate.
Publisert 18/10/2024
Av Henning A. Hellebust

Kulturskattar må ut av museet

Då ekspertar i å ta vare på tekstilar vart invitert for å vurdere utstillinga ved De Heibergske Samlinger, fann dei restar etter skadedyr. Det over 500 år gamle Heibergteppet er ein av dei råka gjenstandane.

– Det er kjempefint. Det er blått og gult på den eine sida, motsett på andre sida. Det har bilete av fuglar, franske liljer, hjarter og  border som går att heile vegen. Det er truleg vevd sør i Europa på 1400-talet, og er ein av dei mest unike gjenstandane i samlinga vår, seier førstekonservator ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Therese Nesset.

Det eineståande Heibergteppet vart opphavleg funne samanbretta under alterduken då Gaupne kyrkje skulle rivast ved byrjinga av førre hundreår. Det var i dårleg stand, men Gjert Falch Heiberg tok det inn i samlinga til museet som han heldt på å bygge opp. Nitti år seinare, skulle det få komme fram i lyset.

Nærbilde av vevd teppe i gult og blått, fuglar, liljer og raude blomster.
Motiva på Heibergteppet er av fuglar, franske liljer, hjarter og border. Det er truleg vevd ein gong på 1400-talet sør i Europa.

– Eg hadde ansvar for ei vevutstilling i 1997, og leita etter biletvevtepper, bilete og åklar som hadde vore her i Sogn. Då oppedaga eg Heibergteppet, seier seniorrådgjevar og tidlegare museumsleiar Aud Ross Solberg.

Fram frå gløymselen

Den gong var det deponert hjå Kunstindustrimuseet for å bli godt tatt vare på, og ho var veldig spent på om dei fekk det tilbake. Det gjorde dei, og stilte det ut i ein monter med plexiglas dei lagde sjølv. Dette var ein skikkeleg godbit dei fekk vise fram, og har vore ei perle i tekstilutstillinga ved museet fram til no.

Så synte det seg at teppet ikkje hadde det så bra. Hausten 2023 ba museet ekspertar i Bevaringstenestene om å gjere ei vurdering av korleis det sto til med det som var utstilt. Dette var i samband med at dei ønskte å fornye den aldrande tekstilutstillinga. Ein ønskte råd om korleis handtere og pakke tekstilane og behandle dei ved nedmontering. Tilbakemeldinga frå den tekniske konservatoren var alt anna enn dei håpa på.

To kvinner har rulla ein duk vekk frå ein utstillingsmonter med ei tteppe under.
Heibergteppet skal straks vidare til konservering hjå Bevaringstenestene på Salhus. Therese Nesset (t.v), Trude Knagenhjelm.

– Dei oppedaga teppebilleskal på Heibergteppet og nokre gobelengar frå 1600- og 1700-talet. Heldigvis vart det ikkje funne skade på tekstilane. Men tilstanden deira har aldri blitt detaljert skildra, så vi har ikkje noko godt samanlikningsgrunnlag, seier Nesset.

Rådet dei fekk var å gjere reint i utstillingsområdet og inni monter, fjerne skala og følgje med på om det kom eit nytt angrep i løpet av våren.

Ikkje spor etter meir biller

– Vi følgde dei råda vi fekk, og såg ikkje spor av fleire biller, seier Nesset.

Likevel stoppa det ikkje der. I samband med fotografering av bunader, vart det oppdaga bitte små hol på nokon av stakkane. Det var uråd å sei om dei var nye eller gamle, men då konkluderte ein med at det var best å ta ned heile utstillinga og fryse alle tekstilane. Så då pakka ein dei ned i tett plast etter instruksjonar frå Bevaringstenestene. Dei fekk seg ein tur innom museumsfrysaren på minus 32 grader i fem dagar.  

– Det er eit stort ansvar å sitte på. Eg kjende på stress og vond mage. Det er jo heilt unike gjenstandar som det er vårt ansvar å ta vare på, og dette var ikkje bra nok. Veldig mange har identiteten sin knytt til kulturarven, så vi må forvalte den på ein god måte, seier Nesset.

To kvinner held open ei tjukk dør inn mot eit rom med pallar på golvet.
Museumsfrysen er eit stort rom med plass til store gjenstandar. Etter fem dagar på minus 32 grader, tek den livet av alle kjende skadedyr. Trude Knagenhjeml (tv) og Aud Ross Solberg.

Framleis var ikkje historia over. I vår vart det oppdaga mus på museet. Kafeen måtte stengast. Det var unntakstilstand med full nedvask og sanering. Alle veit at slikt ikkje skal skje, likevel skjedde det. Det var ein fortvila situasjon for alle tilsette. Då byrja ein å gå over det 3400 kvadratmeter store bygget frå tidleg 1980-tal for å finne ut kvar musene kan ha kome inn. Og det viste seg at her hadde det skjedd ting.

Skadar på bygget

– Oppe under taket i tekstilutstillinga var det ei glipe på opp til tre centimeter rett ut i naturen. Då eg såg den, tenkte eg at her har det vore fri ferdsel for alt som har lyst å komme inn. Mus treng så lite som seks millimeter for å kome seg inn, seier driftssjef Lasse Bødal på museet.

Snikkar vart kontakta, og hòlet vart straks tetta og fuga att. Men då dei jobba og flytta på utstillingsmontrane rett under sprekken, fann dei ein heilt fersk maurkoloni bak ein av dei. Det var ikkje spor etter maur på tekstilane, men mauren høyrer sjølvsagt heller ikkje heime inne i eit museum.

de-heibergske-samlinger/2024-10-02-14-12-tekstilbevaring-7-32402838-foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Mellom taket og veggen i utstillingssalen, hadde det oppstått ei stor glipe - rett ut i naturen utanfor. Driftsteknikar Lasse Bødal.

– Det ser ut som ringmuren på bygget er lausna frå fugene og pussinga til elementa som vart sett inn her for 46 år sidan. Ting flyttar på seg i naturen. Når du får så mange år og så mykje bruk, kan du få store problem. Det har skjedd her, seier Bødal, som ser føre seg ein omfattande jobb for å gjere utstillingsområda tryggare for gjenstandane.

Så no er den nye tekstilutstillinga utsett på ubestemt tid. Status for heile bygget må kartleggast. Det kan ta år før det kan stillast ut tekstilar att der dei har vore no.

– Eg også kjende meg uvel då eg vart gjort merksam på dette då eg byrja i jobben i mai. Dette er ikkje greitt, dette tek vi tak i med stort alvor. Det er ikkje så rart at ein må gjere noko med eit så gamalt bygg, men det er trist at folk ikkje får sjå tekstilane i den perioden. Men slik er det berre, vi kan ikkje la formidling gå føre det å ta skikkeleg vare på det vi har, seier museumsleiar Trude Knagenhjelm.

Korleis kunne det skje?

– Museet er ikkje hermetisk lukka. Det er eit opent museum der folk kan gå inn og sjå. Då kan det følgje insekt med publikum til dømes under skoa. Det er veldig krevjande å halde heile utstillingsarealet heilt reint heile tida, spesielt i turistsesongen. Sjølve utstillinga må ein ha spesialkompetanse for å reingjere, og det er ikkje noko vi har hatt her, seier Nesset.

To kvinner ser på kvite pappøskjer i ein stabel.
Det er trang i tekstilmagasinet til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Dei peikar på at kunnskapen om korleis gjenstandar skal takast vare på, har endra seg. Ein valde difor kanskje andre løysingar før enn ein ville gjort i dag. Så er det ressurskrevjande å vedlikehalde det store driftsbygget. Moderne montrar er nok også annleis enn for få tiår sidan.

– Vi har alltid lagd relativt billige utstillingar, med montrar vi har laga sjølv, seier Solberg.

Utfordrande med kompetanse

Kompetanse på teknisk konservering og skadedyr har også vore mangelvare. Kva skal ei sjå etter? Slik sett har samarbeid med Bevaringstenestene blitt svært viktig for alle Musea i Sogn og Fjordane. Gjennom kursing og samarbeid, får ein sakte men sikkert bygd opp kunnskap om desse felta.  

Korleis sikrar de no tekstilane?

– Etter pakking og frysing så legg vi dei i draktøskjer og legg dei på eige magasin. Nokon har kome til Tinghuset i Angedalen. Der manglar framleis magasinet som skal romme tekstilar, det skal komme i den delen som framleis ikkje er bygd, så det hastar med å få det ferdig. Der vil dei skjøre, svært verdifulle tekstilane våre få det best, seier Nesset.

de-heibergske-samlinger/2024-10-02-14-26-tekstilbevaring-35-32402753-foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Slik er tekstilar pakka. Her er ei øskje med prestekragar og andre kykjerelege tekstilar.

Tekstil skal ha heilt spesielle oppbevaringsforhold. Dei skal mellom anna ikkje oppbevarast slik at det kjem skarpe brettar på dei. Heibergteppet er 2 x 1,5 meter og treng stor hylleplass. Lagerrommet må ikkje sleppe inn UV-strålar, temperatur og luftfuktigheit skal vere kontrollert, og det skal vere komplett skadedyrsanering.

Museet i Kaupanger har ei stor draktsamling  og masse åkle, veggteppe, gobelengar og kyrkjetekstil. Dei treng topp forhold dersom dei skal bevarast for framtida. I dag er magasinplassen på De Heibergske Samlinger for liten, tekstilane ligg for trongt. Det er også vanskeleg tilgjengeleg med overfylte øskjer og reolar. Det er ressurskrevjande å få tilgang for å studere enkeltgjenstandar nærare. Og det er det ofte behov for. Dei er altså veldig dårleg tilgjengelege.

På veg til konservering

No ventar dei på å få sendt Heibergteppet til konservering hjå Bevaringstenestene på Salhus. Når det er ferdig er håpet at det skal få si eiga hylle i eit ferdig magasin i Tinghuset. Men forhåpentleg kan det visast fram att for publikum seinare.

Kva representerer alle desse tekstilane i historia vår?

– Dei dokumenterer drakt og kvardagsmote i ulike sosiale lag frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Vi har dokumentert folkedrakts- og bunadsutviklinga i Sogn veldig godt, seier Nesset.

– Vevnadene dokumenterer også veldig godt handverk som er tufta på lange tradisjonar, og ikkje minst kontakt mellom Sogn og resten av verda langt tilbake i tid, seier Knagenhjelm.

Sjå fleire nyheiter

Sjå alle