Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Julepynt på et juletre. På midten av bildet er den en messingbjelle med rødt og grønt flettet bånd rundt. Ved siden av er det et lys, nedenfor et norsk flagg. I bakgrunnen ser vi glitter og julekuler.

Juleprogram på Nordfjord Folkemuseum

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Jula er vår favorittid på museet og i år har vi eit variert program i førjulstida!

Juleutstilling

Årets juleutstilling handlar om tradisjonar knytt til jul. Vi har valgt å ha fokus på juledrikken, julematen og juletreet. Vi har også gjenskapt to historiske juletre etter skildringar frå 1800-talet - 14 år gamle Jakob på garden Djupedal i Selje sitt juletre frå 1879, samt Gustava Kielland si skildring frå 1840-talet.

Utstillinga er tilgjengeleg i museets opningstider, eller etter avtale. Ta kontakt med museumspedagog Trine Anette Fostervold (trifos@misf.no) for meir informasjon.

nordfjord-folkemuseum/julebord-rikmann-1668780423.jpg.
Interiør frå tidleg 1900-tal er noko du kan sjå i årets juleutstilling.

Vi har òg pynta til jul i friluftsmuseet, med julekveld i Sydneshuset, Moritsstova, Sætastova og Otnheim.

Jul på museet - familiedag søndag 11.desember

Vi inviterar til årets siste familiedag og ynskjer velkomne til førjulsmoro på museet. Det blir aktivitetar for både store og små. Utforsk våre julepynta hus i friluftsmuseet, lær om gamle juletradisjonar, prøv deg på lysstøyping og meir! Det vil også vere eit julemarknad i Frislidlada med aktørar frå nærområdet.

nordfjord-folkemuseum/julemarked-2019.jpg.
Får vi snø i år òg på årets siste familiedag? Her frå julearrangement i 2019.

Juleomvisning

I desember tilbyr vi omvisning i våre julepynta hus og utstilling for alle grupper - skuleklasser, barnehagar og privatpersonar. Korleis har innbyggarane i Nordfjord feira jul dei siste 400 åra?

Ynskjer du å tinge omvisning? Ta kontakt med museumspedagog Trine Anette Fostervold (trifos@misf.no) for meir informasjon.

nordfjord-folkemuseum/saetastova-1668780835.jpg.
Julekveld i Sætastova, 1700-talet.

Jul i Nordfjord

Søndag 6.november lanserte vi Jul i Nordfjord 2022! I årets utgåve kan du lese om trolldom i Nordfjord på 1700-talet, bli betre kjent med spelemann P.M. Bolstad og kunstnar Rolv Muri, kulturlandskap på Standlandet, Vingen helleristningsfelt, lære om nålebinding med meir.

Juleheftet kan du få kjøpt i museumsbutikken vår, eller på eit utval forhandlarar rundt omkring i Nordfjord. Vi kan òg sende magasinet i posten, ta kontakt med museumsvert Ingvild Førde (ingfor@misf.no) for meir informasjon. Manglar du ei tidlegare utgåve i samlinga? Vi har mange utgåver tilgjengeleg i vår museumsbutikk. Mange er også tilgjengeleg digitalt, les meir her.

nordfjord-folkemuseum/framside-2022.JPG.
Årets framside av Jul i Nordfjord er henta frå eit juleselskap på Hope, Hyen. Foto: Simon Elias Hope/ Fylkesarkivet i Vestland.

Planlegg besøket ditt

Opningstider og billettar

Opningstider

1. september — 20. desember
Tysdag-fredag kl. 12-16

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Årskort MiSF: 430 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane