Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Smilande mann med skjegg og armane slått ut i svakt snøvær.
Publisert 14/12/2023
Av Henning A. Hellebust

Blir ny leiar i Kvernsteinsparken

Han kjem frå oppdraget med å bygge opp Lillingstonheimen i Fjaler og oppretting av Fjordkystparken sine Episenter. No vert Alexander Rauboti (32) ny museumsleiar i Kvernsteinsparken i Hyllestad.

– Då eg såg utlysinga, var det bilete av meg der. Var det eit teikn? Eg måtte i alle fall søke, ler Alexander Rauboti. Og jobben der han var avbilda i stillingsannonsen fekk han. I januar byrjar han som ny museumsleiar i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Men korleis hamna bildet av han i annonsen?

Sogningen Alexander Rauboti kallar seg historienerd og har ein master i kunsthistorie frå NTNU i Trondheim. Der var han også aktiv i Fortidsminneforeningen. Snart fekk han eit oppdrag – å utvikle og drive Lillingstonheimen i Fjaler. Dei siste fem åra har han difor lagt heile si sjel i å antikvarisk ta vare på staden og samtidig bygge opp publikumstilbodet på den historiske sorenskrivargarden og seinare engelske overklasseheimen.

Episenter vart inngang

Under vegs vart han også engasjert i Jakob Sande - senter for Forteljekunst og Nikka Vonen sin pikeskole. Her kom han i kontakt med Fjordkysten regional- og geopark (Fjordkystparken). Dei hadde behov for ein person som kunne medverke til oppretting av såkalla Episenter, eller besøks- og visningssenter i Fjordkystparken. Episenteret i Hyllestad er knytt til Kvernsteinparken...

Portrettfoto av smilande mann med skjegg. Set er snø og i bakgrunnen skimtast ein steinkors.
Alexander Rauboti, med steinkrossen høgd ut av granatglimmerskifer, i bagrunnen.

Tampen byrjar å brenne for kvifor Rauboti var avbilda i stillingsutlysinga. I samband med eit møte om episenteropninga i Kvernsteinsparken, vart han spurt om å stille opp som frivillig statist under ein fotoshoot av besøkande i parken. Det takk han ja til. Bildearkivet til Kvernsteinsparken er difor fullt av bilete av Rauboti som gjer artige ting i parken.

Då tidlegare museumsleiar Torunn Beck slutta tidlegare i haust, var erfaringane med Alexander så gode, at han vart kontakta for å steppe inn som ein ressurs i påvente av ny leiar på staden.

Med hjarte for kulturarven

– Vi hadde allereie rokke å bli litt kjende med Alexander før han søkte den faste stillinga. Og vi oppdaga fort at dette var ein person med hjarte for det vi driv med i Kvernsteinsparken, utvikling av kulturarvsarenaer og musea som samfunnsinstitusjonar. I rekrutteringsprosessen for den faste stillinga, stadfesta han det gode inntrykket vi alt hadde, seier avdelingsdirektør for kulturhistorie, Synnøve S. Bjørset, som er svært glad for å ha fått han fast med på laget.

– Han er ein kunnskapsrik, engasjert og utviklingsorientert person. Så no får vi eit svært bra team i Kvernsteinsparken – der like engasjerte museumspedagog Filippo Olari bidreg med kunnskap og erfaringar som arkeolog og steinhoggar. Dei kjem til å utfylle kvarandre svært godt, seier ho.

To menn som smiler, ein med kost, ein med steinhakke.
Alexsander Rauboti og museumspedagog Filippo Olari diskuterer kva steinhoggar-reiskap som tek seg best ut på bilete.

For Alexander var det ein augeopnar då den tidlegare formidlaren i parken og kvernsteinsekspert Torbjørn Løland forklarte dei 400 millionar år med geologisk historie som gjer at det finst granatglimmerskifer her. At nokon fann ut at det kunne det hoggast kvernstein av, og at det har vore gjort i området i alle fall sidan 900-talet, og fleire hundre år med ein stor eksportindustri. Det er omfattande og viktig historie for både Hyllestad og Europa. Han har også fått kunnskap frå lokale ressurspersonar med brennande engasjement for Kvernsteinsparken og kulturhistoria han representerer, dessutan innblikk i steinhoggartradisjon gjennom Olari.

Sogn og Fjordane-identitet

– Både den veldig interessante historia, potensialet i Kvernsteinsparken, nettverket den er eit del av og relasjonane eg har fått her, gav meg eit ønskje om å jobbe med dette fast. Med ein veldig sterk Sogn og Fjordane-identitet, appellerer det også til meg å få komme inn i ein organisasjon med eit stort nettverk rundt i Sogn og Fjordane, seier Rauboti.

Steinhakke som høgg ut ein kvernstein.
Her høgg Rauboti på ein kvernstein. Granatglimmerskifter er glimrande til å male korn med. Etter at forma er høgd ut, løyser ein den frå resten av steinen gjennom lagdelinga i skiferen.

Arbeidet med å fremje kvernsteinshistoria i Hyllestad tok for alvor fart på 1990-talet. I 2002 vart Kvernsteinsparken opna av Dronning Sonja. Den er ein del av identiteten til mange, både i og utanfor Hyllestad, mange er engasjert i staden og alt den ber på av historie og kvalitetar.

– Eg kjenner eit ansvar for å vidareføre det gode arbeidet som har vore gjort til no, spesielt det som gjeld parken som kulturlandskap, besøksmål, formidlingarena og møtestad. Ikkje minst har vi tette og viktige band til skulen, som eg vil halde fram med å utvikle – også til skular utanfor Hyllestad, seier han.

Vil la fleire hogge stein

Han siktar til den såkalla Hyllestadmodellen, der dei unge vert kjende med lokale natur- og kulturressursar og kulturarv gjennom aktivisering i parken. Gjennom faste skuledagar gjennom året, får dei innblikk i geologi, steinhogging, den vidare kulturhistoria og får sjølv lære seg å drive formidling. Mange elevar endar opp som sommarvertar i parken i turistsesongen.

Alexander står med ei steinhakke og Filippo peikar på kva steinen.
Filippo Olari har mellom anna bakgrunn som steinhoggar i Italia. Her forklarar han Rauboti korleis han skal høgge ut ein kvernstein.

– Eg har stor sans for det utvida klasserommet, og ønskjer å vere ein relevant læringsarena også med blikk på framtida. Det handlar om berekraftig ressursutnytting, det lokalbaserte. Eg håpar det kan vere ein viktig del av vidareutviklinga for Kvernsteinsparken, seier Alexander.

Rauboti har stor tru på at ein gjennom samarbeid internt i musea og med andre, skal kunne utvikle tilbodet. Han vil gje fleire mogelegheita til å komme og prøve seg på det praktiske arbeidet. Den handborne kunnskapen kan gje ein rikare innfallsvinkel enn berre å sjå, høyre og lese om den.

– No prøver eg å lære meg å hogge ut kvernstein sjølv. Vi er berre to personar her, så det er bra om også eg har den praktiske kunnskapen, seier han.

Les fleire nyheiter

Sjå alle