Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Mann held bilde med bobleplast, i bakgrunnen gamle bygg i bakken nedanfor.
Publisert 18/06/2024
Av Henning A. Hellebust

Astrup-måleri heim til Jølster

Museumsleiar Solveig Berg Lofnes skin av stoltheit då to nye Astrup-måleri finn vegen til Astruptunet. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har kjøpt bileta, Musea i Sogn og Fjordane får i oppdrag å ta vare på dei og vise dei fram.

Dei er pakka sirleg inn i bobleplast. Frakta til den gamle kunstnarheimen i ein spesialbygd bil. Kurer Frank Bremseth ber ut «Trollebotten» først. Han smiler, veit at mottakarane gler seg. Så stig han stødig ut på lastelemmen, senkar seg sakte ned.  

MAnn står på lastelem, held eit måleri innpakka i bobleplast.
Her kjem "Trollebotten" ut av transportbilen.

Museumsleiaren ventar spent. Ved sidan av står Tor Martin Leknes, som leier kunstavdelinga i Musea i Sogn og Fjordane. Også Hallvard Klakegg, direktør for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane står der. Han som har fått det store til å skje.

– Eg har hatt tett kontakt med Anders Bjørnsen i Sparebankstsiftelsen DNB, som har god erfaring med slike kjøp. Han tipsa om at Grev Wedels Plass auksjoner skulle selje Astrup-bilete. Eg drøfta det med styret i stiftinga, som tykte det var ei spennande mogelegheit, seier Klakegg.

Tre personar ser forventnignsfullt ut i lufta.
Hallvard Klakegg, direktør for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til venstre, museumsleiar Solveig Berg Lofnes, Tor Martin Leknes, direktør for kunstavdelinga i Musea i Sogn og Fjordane ventar på leveranse.

Stiftinga slo til slutt til på bileta «Trollebotten» og «St. Hansbål ved Jølstervannet», med ønske om at dei skulle få kome heim att.

Vil gjere Astrup meir tilgjengeleg

– Vi har engasjert oss i Nikolai Astrup ved eit par høve tidlegare, mellom anna den store utstillinga på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2023 og Astrupfilmen. Det er rett for oss å vere med å bygge langsiktig opp om Astrup. No kjem det også besøkssenter. Ved å kjøpe inn to bilete, kan vi gjere kunsten hans meir tilgjengeleg for ålmenta, seier Klakegg.

To menn ber eit måleri pakka i bobleplast gjennom ei tredør.
Her kjem «Trollebotten» i hus. Det er truleg målt før Astrup flytta til Sandalsstrand, og har aldri vore der før.

Han held forsiktig i ramma på Trollebotten og ber det inn i galleriet saman med Bremseth. Lofnes guidar dei ned i kjellaren med den kvadratiske skatten. Gjennom plasten skimtast snøflekkar og fjellnabbar.  

Gamal draum

– Eg har drøymt om å få på plass desse to måleria og har tenkt ut plass til dei. Dei er med på å komplettere samlinga vi har. Spesielt er «Trollebotten» spennande, då det viser at Nikolai Astrup også hadde fleire fjellmåleri, seier Solveig Berg Lofnes.

– Trollebotten» kan vere eit nikk til Gerhard Munthes motivserie med same tittel, men Astrup var nok mest inspirert av Trollebotten i fjella nord for Ålhus. Her skal ein legge merke til både kvinneskikkelsar og troll i fjellsida, typiske trekk for Astrup sine måleri, seier Tor Martin Leknes, som er direktør for avdeling kunst ved Musea i Sogn og Fjordane.

Smilande kvinne står ved sidan av fargerike måleri, opplyst av spotlys.
Museumsleiar Solveig Berg Lofnes har alt bestemt seg for kvar bileta skal henge.

Han rosar initiativet frå Sparebankstiftinga, og lovar å gje måleria ein trygg heim og gjere dei tilgjengelege for publikum.

– På Astruptunet kjem dei i sine rette element denne sommaren, som er ekstra spesiell grunna nyopninga av tunet, seier Leknes.

Kunst av Nikolai Astrup er som regel langt utanfor musea sine innkjøpsbudsjett, og dermed ikkje aktuelt å kjøpe inn med eigne midlar.  

– Audmjuke og takksame

– At lokale krefter hjelp til for å få dei sikra til Sunnfjord, gjer oss audmjuke og veldig takksame. Mange av kunstnarane herifrå som har gjort store karrierar, er diverre i priskategoriar som dette, og Astrup i særklasse. Vi vonar publikum får enno fleire grunnar til å vitje oss, med desse verka på veggane, seier Leknes.

Det andre motivet er frå St.Hans. Dette er eit tema som går att i mange bilete opp gjennom Astrup si karriere.

– Frå tenåra når han måla eit av sine første jonsok-måleri med veggfarge, til seint i livet. 'St.Hansbål ved Jølstervannet' er eit nokså seint døme, truleg frå 1921, og jonsokbålet er trekt heilt ned i vasskanten. Flammane er lett å kjenne att frå Astrups hand, og elles dannar fjellformasjonen i bakre del konturane til Isdronninga, seier Leknes.

Fleire nyheiter

Sjå alle