Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Fire personar med hjelm og signalfarga vestar står på ein byggeplass med fjell i bakgrunnen.
Publisert 07/06/2024
Av Henning A. Hellebust

Byggearbeidet starta

Endeleg er bygging av nytt verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta på Sandane i gong. Fem månader på overtid. I april 2025 blir det innflytting.

– Det er veldig kjekt å vere i gang, no er det verkeleg. Eg tenkjer på kor mange som har jobba med dette, i bokstaveleg tala 100 år, for å ta vare på jekta. At den har blitt bevart etter så mange personar sin innsats i så lang tid. Eg får ei god kjensle, seier museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane.

Bygget tek form

Grunnmuren i strandkanten på Øyrane har byrja å reise seg. Ein kan sjå kor høgt over flomålet golvet under jekta kjem. Forskalinga til sokkelen på heissjakta tek form. Ei gravemaskin frå Olav Hjelmeset grev ut radonbrønnar. Gjennom eit live byggekamera, kan kven som helst følgje med på byggeplassen - trykk på bildet nedanfor for oppdatering.

Avstandsbilde av byggeplass med gravemaskiner, kontainarar og begyggelse i bakgrunnen, fjell i horisonten.
Trykk på bildet for å sjå direktebilde frå byggeplassen. Overføringa blir tilgjengeleg for publikum gjennom heile byggeperioden.

– No er vi i gang med grunnarbeidet og har ein intensiv periode med betongarbeid før limtremontasjen skal byrje etter ferien. Då vil ein sjå at bygget reiser seg fort, seier prosjektleiar Jan Olav Humborstad ved Veidekke Bygg, totalentreprenør for prosjektet.

Ung mann med gul hjelm med gravemaskin i bakgrunnen.
Jan Olav Humborstad i Veidekke set pris på å få jobbe med eit bygg utanom det vanlege.

– Det er eit veldig viktig og kult prosjekt å få utføre for oss. Vi har kontor på Sandane med lokale tilsette som er med. Det er eit bygg som kjem til å vise att. Ikkje minst så er inntrykket mitt at folk bryr seg om både bygget og båten, seier han.

Kvikkleira er temja

Grunnundersøkinga i haust avslørte kvikkleire under tomta. Det gav ei forseinking på fem månader og over to millionar kroner ekstra i kostnader, for å sikre grunnforholda. 13. mai kom igangsettingsløyvet frå kommunen, og arbeidet kunne starte.

Gravemaskin køyrer på pukk. I bakgrunnen rubb-hall med trebåt.
Her føregår utraving til radon-brønnar.

– No går det veldig bra. Vi ligg i rute til å ta over bygget etter elleve månader som planlagt. Det har vore ein lang veg å komme hit, men no trur vi jekta er i hus før vinteren. Og vi planlegg overtaking veka etter påske til neste år, i veke 17, seier Øyvind Tåsåsen, som er Musea i Sogn og Fjordane sin prosjektleiar.

MAnn og kvinne med bygningshjelmar og vest.
Øyvind Tåsåsen er prosjektleiar og Anne Kristin Moe får driftsansvaret når bygget er klart for publikum.

Han er fornøgd med at prosjektet har fått med seg gode, lokale verksemder til å gjere jobben. I tillegg til tidlegare nemnde, er mellom anna elektrisk installasjon og ventilasjon frå området. Det sterke lokale engasjementet gjev ein eigen dedikasjon hjå dei involverte, som kan påverke sluttresultatet positivt.

Tilbake på sporet

– Eg byrjar å bli litt roleg no, seier den med øvste ansvaret, administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Risikoen ved grunnundersøkingar er der alltid. Og no er dette under kontroll. Han reknar med at eventuelle overraskingar herifrå og ut, vil vere langt mindre. At prosjektet held seg til planen.

Arbeidsfolk med hjelm og refleksvestar på byggetomt.
Frå venstre: Jan Heggheim, administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane, Øyvind Tåsåsen, prosjektleiar ved Musea, Hans Arne Lundestad, annleggsleiar ved Veidekke Bygg, Anne Kristin Moe, museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum og prosjektleiar Jan Olav Humborstad ved Veidekke Bygg.

– Det er veldig kjekt å stå her no. Du ser på teikningar, det er ein viss distanse til prosjektet. No byrjar det å materialisere seg, du kan ta i det, då forstår du alvoret. Det blir veldig kjekt at Holvikejekta får seg eit hus, avsluttar han.

misf/2024-06-07_09-09_holvikejekta-byggestart-9.jpg.
Grunnmuren går nesten heilt ut i fjorden. Utanfor vert det ein promenade. Golvet under Holvikejekta vert omlag på høgde med forskalinga på bildet.

Les fleire nyheiter

Sjå alle