Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
To menn støttar seg til ein ståande kvernstein, skog i bakgrunnen.
Publisert 05/04/2024
Av Henning A. Hellebust

Bygger ut i Kvernsteinsparken

Hyllestad kommune har sett av tre millionar kroner til å bygge kontorbygg i Kvernsteinsparken. Ordførar Kjell Eide og museumsleiar Alexander Rauboti vil legge til rette for ei langsiktig utvikling.

– For oss er det viktig å vere til stades i parken heile året, ta imot gjester i parken, ha adressa vår der, seier Rauboti.

No leiger Musea i Sogn og Fjordane kontorlokale til dei tilsette i Kvernsteinsparken utanfor museumsområdet, i det tidlegare bankbygget i Lifjordvegen. Difor er det berre tilsette i Kvernsteinsparken når den er open om sommaren og ved skuletilbodet.

I desember vedtok Hyllestad kommunestyre å sette av tre millionar kroner til kontorbygg i museet for å dekke dette behovet. Samtidig ville kommunen planlegge og samordne bygginga med framtidige behov for Fjordkysten regional- og geopark (Fjordkystparken) og eit eventuelt opptak for regionen i Unesco.

Opnar for Fjordkystparken og Unesco

– Då kommunen gjorde vedtaket, var det ein viktig føresetnad at vi legg ein langsiktig plan som også legg til rette for andre i Kvernsteinsparken, seier Eide.

Portrettbilde av man i oransje boblejakke med gråleg hår, bart og briller med nøytralt uttrykk.
For ordførar Kjell Eide i Hyllestad kommune er Kvernsteinsparken eit satsingsområde som gjev mogelegheiter for utvikling i bygda, både med tanke på turisme og arbeidsplassar.

Fjordkystparken skal ha sitt Episenter der. Det er ein stad for formidling av lokale attraksjonar og tilbod i regionen. Dessutan er det store forhåpningar til at området får Unesco-status. Fjordkystparken har søkt Unesco om å bli ein Unesco Global Park, med bakgrunn i den særeigne geologien i området. Råmaterialet til kvernsteinane, 400 millionar år gamle granatglimmerskifter frå den svunne Kaledonske fjellkjeda, er sentral i dette.

– No brukar vi nødvendig tid for å lage eit framtidsretta prosjekt. Vi må finne løysingar som peikar framover. Ei arbeidsgruppe er i gang, og kommunestyret vil få saka tilbake når eit forslag blir klart seinare i år, seier Eide.

I første omgang blir det kontorbygg til dei to tilsette i Kvernsteinsparken pluss gjesteplassar.  Så jobbar ein med ei skisse som skal ha rom for vidare trinnvise utvidingar, basert på ein visjon over kva Kvernsteinsparken kan bli i framtida.

Betre forhold for besøkande

– I tillegg til Fjordkystparken og eventuelt Unesco, har vi behov for å styrke formidlinga i Kvernsteinsparken med eit tilbod også innandørs. Det viktige i planlegginga no, er at dei ulike trinna ikkje står i vegen for framtidig utvikling, men legg opp til det, seier Rauboti.  

misf/2024-04-04-kvernsteinsparken_planlegg_nybygg-6.jpg.
Museumsleiar Alexander Rauboti engasjerer seg for å utvikle Kvernsteinsparken og gjere den betre for både både besøkande, som arena for meir aktivitet i regionen og som arbeidsplass.

Kvernsteinsparken sitt føremål er å formidle kvernsteinshistoria, som er ein eksportindustri som kan sporast tilbake til 700-talet. Fjordkystparken er med å løfte det, opptak i Unesco vil gje enno meir merksemd til regionen, gjennom til dømes auka turisme.  

– At vi er til stades på museet heile året, at den fantastiske kvernsteinslasta kan komme enno meir til sin rett, at vi kan legge betre til rette for ulike besøksgrupper, at vi får eit større fagmiljø her. Til saman vil dette bidra til målet om å løfte Kvernsteinsparken som museum og ta det inn i ein ny epoke, seier Rauboti.  

Dette er eit viktig steg mot Kvernsteinsparken som ein fullferdig visningsarena i Musea i Sogn og Fjordane. Kvernsteins- og steinkrosshistoria fortener såpass. Så vonar eg at vi etter kvart får på plass eit fullverdig visningsbygg, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Fleire nyheiter

Sjå alle