Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Mann med skjegg mellom to gamle lafta tømmerhus.
Publisert 20/01/2025
Av Henning A. Hellebust

Skal gje råd om gamle hus

Joakim Heltne er Musea i Sogn og Fjordane sin første bygningsvernrådgjevar. Han skal gje råd til huseigarar om kva dei kan gjere med sine gamle eller verneverdige bygg.

Lat oss sei at du flyttar til ei fjellhylle der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og du vert eigar av nedslitne gamle bygg. Kva gjer du? Korleis kan dei reparerast, bør dei berre rivast, kan dei gjerast om til anna bruk?

– Ikkje alle som er engasjerte i husa sine har kompetanse til å ta vare på dei. Då er det greitt å få synet til nokon som kan komme med råd. Det blir jobben min, seier Heltne.

Mann smiler i døropning på gamalt tømmerhus.
Joakim Heltne er opptatt av å passe på det vi har og ønskjer å bidra med å skape engasjement rundt gamle bygningar, sjå på dei som ein ressurs, meir enn ein byrde.

Han har sine første arbeidsdagar ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, i ei heilt ny stilling som Vestland fylkeskommune delvis finansierer. Oppgåva hans vert å gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygg i regionen. Så er det ikkje heilt avklart enno kva «eldre» bygg betyr, kvar «regionen» skal avgrensast og omfanget av rådgjevinga – som i utgangspunktet er gratis. Det blir noko av det som må på plass først.

Utdanna arkitekt i København

34-åringen frå Arendal er nyutdanna arkitekt, og kjem så og sei direkte frå København, der han tok utdanninga. Han tok spesialisering innan kulturarv, transformasjon og restaurering.

– Eg har alltid hatt lyst til å bli arkitekt. Sidan eg gjekk i barnehagen har eg teikna snitt-teikningar av hus. Etter kvart har interessa for gamle bygningar, kulturhistorie og kulturminne vakse til, seier han.

Heltne er svært opptatt av bærekraftperspektivet. Spørsmål som om vi berre skal bygge nytt, eller om vi kan ta betre vare på det vi har, bygge om, endre funksjon, er viktige for han.

Mann står i trapp på gamalt trehus.
– Dei mest berekraftige bygga finst allereie. Eg har trua på at vi kan utnytte den bygningsmassen som alt finst, enno betre, seier Joakim Heltne.

– Kvifor søkte du stillinga?

– Det passa veldig godt med det eg har spesialisert med i. Dette er noko eg er opptatt av, det mest spennande eg gjorde i heile masterutdanninga. Eg er også begeistra for Vestlandet, så det var mange ting som fall på plass. Så eg søkte. Det verste som kunne skje var eit «nei», men her er eg, smiler han.

Huseigar skal få kunnskap og råd om bygget sitt

Han ser for seg ei bratt læringskurve. Mange bøker og rapportar skal lesast, spesielt det som gjeld historie og byggeskikk i regionen. Men metoden i tenesta han skal tilby, meiner han at han har god erfaring med.

– Ein viktig del av studiet var å skrive analyse og gjere verdsetting som metode. Det betyr å fare på synfaring, dokumentere i skrift, bilete, oppteikning og måling kva ein har med å gjere. Og så skrive rapport som til dømes handlar om teknisk tilstand, kulturhistoriske verdiar, arkitektoniske verdiar, immaterielle verdiar – det kan vere ein spesiell historie til bygget. Kva er det som gjer at bygget er viktig å ivareta. Det liknar mykje på det eg skal gjere i denne jobben, seier han.

Mann med meskjegg framfor to gamle hus.
Heltne sine rapportar skal gje huseigar meir kunnskap og oversikt over bygget deira, slik at dei kan ta betre avgjerdsler for "kva no?"

– Det er ei bevisstgjering om kva slags bygning det er og kva som er viktig med den. Korleis kan ein best ta vare på den vidare – råd om kva som kan og bør gjerast, vurderingar av tilstand og korleis den bør behandlast. Eg kan også rettleie om søknad om tilskot og vere ein støttespelar i deira prosess, seier Heltne.

Med Heltne på plass får Musea i Sogn og Fjordane dessutan tilført viktig kompetanse til det bygningsantikvariske arbeidet på eigne kulturhistoriske bygg.

I støypeskeia

Bygningsvernrådgjevar

Joakim Heltne skal gje råd til eigarar av verneverdige og eldre bygg. Som den første i denne rolla i Musea i Sogn og Fjordane, vil oppstartsperioden innebere å lage rutinar og råmer for arbeidet. Når dette er avklara vil interessentar finne ei nettside med meir konkret informasjon om tilbodet og korleis dei kan få best mogeleg utbyte av tenesta.

Sjølv om ikkje alle føresetnader for stillinga er klar, kontakt han gjerne!

Telefon: 90 86 10 48, e-post: joahel@misf.no

Nytt frå Musea i Sogn og Fjordane

Sjå alle