Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Raud og kvit fiskebåt ligg til kai.
Publisert 14/03/2024
Av Henning A. Hellebust

Musea satsar på linefiske

I sommar inviterer Kystmuseet i Sogn og Fjordane på omvising i den historiske fiskebåten Haugefisk.

– Linefiske er ein hjørnestein i livet på kysten i Sogn og Fjordane. I sommar skal publikum som tek turen til Måløy få sjå korleis det har gått føre seg tidlegare, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Smilande mann med grått skjegg framfor styrehuset på fiskebåt.

Frå slutten av mai opnar landgangen til Haugefisk for publikum. Då kan den som ønskjer få komme om bord og sjå korleis fiskarar jobba og levde under dekk i opp mot sju veker i strekk. Men før det må båten utbetrast.  

Første stopp Stadyard

– Det er eit stort økonomisk løft for oss å gjere Haugefisk seglingsklar igjen. I april skal den på reparasjon i slippen til Stadyard. I mai skal den sertifiserast til å gå langs kysten og ta passasjerar om bord. Samla lyt vi ut med om lag 1,6 millionar kroner, seier Heggheim. Det er eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, kommune og museet sjølv.

Fiskefartøy ved kai framfor eit industribygg.
Haugefisk litt til kai i Iglandsvik ved Grotle i Bremanger.

Haugefisk er ein av dei første shelterdekka autolinebåtane som vart bygd i Norge. Det betyr mellom anna at alle dei 30.000 krokane på lina kunne egnast maskinelt. Fartøyet er på 32 meter og vart bygd i 1978. Shelterdekker eit overbygd arbeidsdekk som verna fiskarane mot ver og vind. For fiskarane og fisket var den ein revolusjon.

Redda frå høggeriet

Museumsbåt ved Kystmuseet vart den i 2005. Eigentleg var den klar for opphogging. Det som ein gong hadde vore den første i sitt slag, var blitt umoderne. Nokre entusiastar i Bremanger ville det annleis. Kystmuseet vart kopla på, og sidan har Haugefisk vore museumsbåt.

Gruppe eldre smilande personar i trange sittegrupper i ei messe med ko-auge.
Haugefisks vener har planleggingsmøte i messa. Dette er tidlegare sjøfolk som brenn for å bevare kunnskap om fiskarlivet.

I dag er det den frivillige gruppa «Haugefisks venner» som ser til båten i det daglege. Det er pensjonerte fiskarar og sjøfolk som er opptatt av å ta vare på historia og drive formidling.

Du kan lese meir om dei og Haugefisk i ein artikkel som kjem seinare. Følg med oss!

Sjå fleire nyheiter

Sjå alle