Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Smilande kvinne i motlys i snødekt landskap.
Publisert 06/02/2024
Av Henning A. Hellebust

Skal leie De Heibergske Samlinger

Arkeolog, kulturminneentusiast og kauping Trude Knutzen Knagenhjelm vert den nye museumsleiaren på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

– Utlysinga appellerte veldig til meg. Ei slik mogelegheit måtte eg berre ta. Museet i Kaupanger formidlar kulturhistorie, buformer, busettingshistorie og fjordhistorie. Alt som handlar om identiteten til sognekommunane. For meg er det veldig interessant å kunne vere med å utvikle museet, ikkje minst det som går på formidling av stad og identitet, seier Knagenhjelm, som har budd i Kaupanger sidan 2007.

Ho vaks opp i Oslo, men interessa for historie byrja då ho var på besøk hjå mormora i Herøy på Sunnmøre. I samband med at det skulle byggast veg nedanfor huset hennar, vart det gjennomført arkeologiske utgravingar. Unge Trude tykte gravearbeidet var kjempespennande, og spurde arkeologane korleis ein vert arkeolog. Allereie som tiåring visste ho at ho skulle byrja på universitetet. Og det skjedde. Ho vart utdanna arkeolog.

Styreleiar i Fortidsminneforeningen

Sidan har arbeidslivet ført ho rundt i ulike sektorar, og no jobbar ho som seniorrådgjevar innan kulturlandskap hjå Statsforvaltaren i Vestland. Ho arbeider mykje med bønder som vil ta vare på kulturlandskapet sitt. Samtidig har ho hatt eit stort engasjement også for å ta vare på kulturminne i form av bygningar og stadutvikling. Sidan 2011 har ha vore engasjert i den frivillige organisasjonen Fortidsminneforeningen og sidan har ho vore styreleiar på nasjonalt nivå.

misf/2024-02-05_10-30_trude-knutzen-knagenhjelm-13.jpg.
Trude Knutzen Knagenhjelm gleder seg til ho kan byrje å sykle på jobb - til våren.

– Eg har eit engasjement for at samfunnsutviklinga skal ta omsyn til kulturarven. Det er viktige verdiar. Som ein del av det arbeidet er formidling avgjerande. Det er det som gjer at folk kan klare å knyte seg til dei lokale verdiane. Dei er ikkje sjølvforklarande.

I samband med verdsarvstatusen til Nærøyfjorden, og gjennom verksemda Aurland naturverkstad, jobba ho m.a. med å utvikle fagfeltet kalla stadformidling, eller interpretasjon. Det er ein metode der ein finn tema og vinklingar som knyter menneska til bodskapen og gjerne staden. Det kan vere å provosere fram ei kjensle eller reaksjon, skape attkjenning og undring. Interessa for museum og rolla musea spelar for å formidle stad og identitet til folk, blir såleis veldig relevant for ho.

Vil delta i samfunnsdebatten

– Eg har også tenkt mykje på at museet har ein gylden mogelegheit til å delta i samfunnsdebatten rundt det som handlar om natur- og klimakrisa og berekraft. Vi har noko å lære av tradisjonskunnskap, anten den gjeld bygningar, gjenstandar eller kulturlandskap. Også den immaterielle, eller handborne kunnskapen, er viktig del av dette, seier ho.

Som innbyggar i Kaupanger har ho vore ein ivrig museumsgjengar, spesielt då ungane hennar var mindre. Ho har tatt med gjester, vore på arrangement. Museet har vore ein viktig stad å dra for å få gode opplevingar.

misf/2024-02-05_10-32_trude-knutzen-knagenhjelm-4.jpg.
Den nye museumsleiaren gler seg til å bli kjent med både nye kollegaer og gjenstandane og området.

– Eg gleder meg veldig til å byrje her, og er glad for å ha fått tilliten til å få vere museumsleiar. Eg har ikkje vore i ei slik rolle før, så det blir veldig spennande. No har eg i fleire år jobba med plan, forvaltning og landbruk, og gler meg til å kome tilbake til kulturminnesektoren. Det vert litt som å kome tilbake til dei faglege røtene, seier ho.

Når ho byrjar i jobben i mai, vil ho prioritere å bli godt kjent med kollegiet, både på museet i Kaupanger, men også i Musea i Sogn og Fjordane. Skaffe seg oversikt over ressursane og potensialet som ligg her.

– Så må eg også bli kjent med samlingane, som eg treng eit innanfrå blikk på. Det gleder eg meg til. I magasina er det masse som eg ikkje har oversikt over, det blir veldig spennande. Så ønskjer eg å spele vidare på det gode arbeidet som er gjort her hittil, og samstundes ta tak i potensialet som ligg i samlingane og kompetansen blant dei tilsette på museet, avsluttar Trude Knutzen Knagenhjelm.

Svært nøgd med tilsettinga

– Trude har ein solid fagbakgrunn og viktige erfaringar frå ulike deler av kulturminne- og kulturarvsektoren. Ikkje minst har ho eit stort nettverk. Med dei tinga i kofferten er ho godt rusta for å gå inn og gjere ein god jobb, seier Synnøve S. Bjørset, avdelingsdirektør for kulturhistorie i Musea i Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt grundige prosessar, der vi har vurdert så mange av sidene som mogeleg opp mot ei slik viktig leiarrolle. Ho gjorde ein svært god figur. Trude har mange gode tankar om korleis museet kan utvikle seg vidare og om samfunnsrolla vår. Summen av dette blir veldig bra. Vi er svært nøgde, seier Bjørset.

Les fleire nyheiter

Sjå alle