Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gravemaskin i siluett mot sol. Haugar med pukk og singel i forgrunnen.
Publisert 15/02/2024
Av Henning A. Hellebust

Grunnarbeid starta – vil ta tid

På grunn av ustabile grunnforhold, har entreprenøren byrja å legge 5000 tonn masse der verne og formidlingsbygget til Holvikejekta skal reisast. Den må kvile to månader før bygginga kan starte.

Hausten 2022 vart det bora hol og tatt prøver på tomta der den nye heimen til Holvikejekta skal byggast. Etter å ha gått nøye igjennom grunnundersøkingane, har entreprenøren Veidekke vurdert at massene er så ustabile at ein må sette i verk tiltak før bygginga kan byrje.

– Det var noko kvikkleire, leire, humus og anna ustabil masse. Det er ikkje trygt å bygge her før vi gjer tiltak, seier prosjektleiar Øyvind Tåsåsen i Musea i Sogn og Fjordane.

Ulike tiltak har vore vurdert. Banke stålrør i bakken og utskifting av masse har vorte forkasta. Løysinga er å forbelaste tomta før byggestart. Det er den raskaste løysinga og er ikkje søknadspliktig. Men ein er i dialog med kommune og næraste naboar om framdrifta.

Sommarsesongen 2025

– Vi skal dekke 1400 kvadratmeter med til saman 5000 tonn masse. Akkurat no driv entreprenør og legg ein nesten tre meter høg mur rundt området som skal fyllast i. Dessutan må tomta trekkast nokre meter opp frå dei mest ustabile områda i strandsona, men ikkje så mykje at det får særleg konsekvensar for prosjektet, seier Tåsåsen.

Når alt er på plass, skal massen ligge og presse på underlaget i to månader. Føremålet er å provosere fram setningar, altså presse underlaget, slik at det stabiliserer seg. Dette vil overvakast med GPS, som måler med millimeterpresisjon kor mykje underlaget gir etter. Etterpå skal all massen vekk att.

Trebåt i ein rubb-hall.
Holvikejekta står inn til vidare i opplag i rubhallen rett ved sidan av tomta.

Vurderingane av grunnforholda og kva tiltak som skal setjast i verk, tok noko lenger tid ein føresett. No er rammesøknaden inne til behandling hjå kommunen. Det er venta svar i april. Då skal også forbelastinga vere ferdig. Musea i Sogn og Fjordane håpar å kunne starte med bygginga straks etterpå. Med elleve månader byggetid, er ambisjonen framleis å kunne opne for gjester i sommarsesongen 2025.

Økonomisk nesestyvar

Den ekstra kostnaden med å sikre området før bygging er kalkulert til 2,1 millionar kroner. Desse pengane må takast av tryggleiksmarginen, som er på vel tre millionar kroner.

– Dei ustabile botnforholda bidreg til både noko ytterlegare utsetting og kostnadsauke. Slikt er aldri noko hyggeleg, men foreløpig må det gå bra. Men med eit så stort jafs av sikringsmarginen toler vi ikkje så mykje meir, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Jekta på flyttefot

I løpet av ein dag hausten 2023 vart jekta flytta frå det gamle "naustet" sitt til midlertidig opphald i ein rubbhall.

Les fleire nyheiter

Sjå alle