Musea våre inviterer til juleverkstadar og hyggelege aktivitetar som gir både små og store julestemning.
Jul på Musea i Sogn og Fjordane
Våre julearrangement
Sunnfjord Museum i Movika
Søndag 14. desember, klokka 12-16, arrangerer vi jul i tunet. Då kan du vere med på omvising og besøke julepynta hus i tunet. I ei av stovene kan du vere med på juleverkstad, der du kan lage trådnisse, papirpynt og prøve nålefilting.
Dei julepynta stovene i friluftsmuseet kan du også besøke i våre opningtider, tysdag - fredag kl. 10-15. Siste utstillingsdag er 17. desember.
Nordfjord Folkemuseum på Sandane
14. desember inviterar vi til juleaktivitetar fra klokka 11-15. Det blir aktivitetar inne og ute for store og små: Møt ein ekte felemakar, prøv deg på bakst, juleverkstad, lysstøping, snekkerverkstad eller mal korn med kvernstein. Du kan gå på oppdagelsesferd i 400 år med julefeiring, og det blir omvisning i våre julepynta hus kl. 13.
Dei julepynta stovene i friluftsmuseet kan du også besøke tysdag-fredag klokka 12-16, fram til 19. desember.
Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand
Vi har aktivitetar for store og små. Kom innom og sjå juleutstillinga vår, laga av elevar ved linja Kunst-design og arkitektur ved Sygna vidaregåande skule. Den er her fram til 13. desember. Ellers kan du oppleve utstillingane våre, spel spel og nyte noko godt i kafeen.
Kystmuseet i Florø
Kom og feir den magiske Luciadagen 13. desember, der ljos og mørke møtest i ei av årets mest mytefulle netter. I kafeen kan du kose deg med ferske lussekattar før du lagar stjerneguthatt eller ternekrone i Lucia-verkstaden. Til slutt går vi Luciatog i Båthallen, kanskje får vi også høyre vakker song frå Fryd!