Vi seier at ny kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv forskjellige museum mellom fjord og fjell kan du få ny innsikt i menneskelivet, både før og no. Sving innom oss på ferda di, og kjenn deg litt rikare!
Du tek tak i den kalde dørklinka av smijern frå 1700-talet. Den har opna den låge døra framfor deg i over 300 år. Kva bar ho på, den første som gjekk igjennom døra? Kanskje du heller vil sette deg ned i eit stille rom og late fargedansen i ei bilderåme smyge seg inn i sjela di, kna tankane. Eller kanskje du ønskjer å utfordre nevar og skaparkraft i eit ekte viking-steinbrot.
Våre dyktige forskarar, handverkarar, kuratorar og pedagogar jobbar året gjennom for å gje deg ei oppleving å bli rikare på. Dei fleste musea våre har også eit kafétilbod med lokale freistingar og museumsbutikk.
Og du og dine er hjarteleg velkomen!