Velkomne til årets siste museumssøndag
Desember er vår favorittmånad her på museet, og vi gledar oss denne førjulsdagen.
Program
Inne
Kafeen:
Baking med museumspedagog Karoline.
Prøv å bake lefse som er av den eldste julebaksten i Norge!
Biblioteket:
Lysstøyping med Cecilie frå Sunnmøre Museum.
Lag eigne lys til jul, til deg sjølv eller som julegåve
Ute
Skulestova:
Juleverkstad i skulestova med Lise.
Lag tradisjonell julepynt med saks og papir som dei gjorde i gamle dagar!
Moritsstova:
Veving i Moritsstova med Gloppen Husflidslag.
Sjå korleis ein vev på bordvev og grindvev!
Maling av korn med Alexander frå Kvernsteinparken.
Ingen julebakst utan mjøl! Lær deg å male eige mjøl på handkvern frå Hyllestad i Fargeriet, og kjenn korleis førebuingane gjekk føre seg før i tida.
Anna:
Omvisning med museumsleiar Anne Kristin kl.13 og kl.14. Oppmøte ved døra mot friluftsmuseet.
Jul i friluftsmuseet
Vi inviterar til jul både ute og inne, og i friluftsmuseet har vi pynta nokre av våre antikvariske bygningar med historisk julepynt som viser utviklinga av juletradisjonar i Nordfjord gjennom 400 år.
I Otnheimsstova er det pynta til jul slik det var på 1600-talet. I Sætastova viser vi 1700-talet, i Morritsstova viser vi tidleg 1900-tal og i Sydneshuset viser vi 1960.
I skulestova har vi gjort i stand juleverkstad der ein kan lage seg julepynt, julekort eller kanskje ein julenisse?
Utstillingar
Årets juleutstilling handlar om tradisjonar knytt til jul. Vi har valgt å ha fokus på juledrikken, julematen og juletreet. Vi har også gjenskapt to historiske juletre etter skildringar frå 1800-talet - 14 år gamle Jakob på garden Djupedal i Selje sitt juletre frå 1879, samt Gustava Kielland si skildring frå 1840-talet.
Opplev også utstillingane våre Dyrebar og Attåt. Denne dagen er siste gong utstillinga Dyrebar er open for publikum, før den pakkast ned og arbeidet med ny utstilling tar til. Så følg med i 2025 for meir informasjon om vår nye utstilling Saman!