– Sidan eg opna Tinghuset i vinter, har vi jobba med å finne pengar til å sluttføre magasinet. Og no kan eg sei at regjeringa ønskjer å løyve 17,1 millionar kroner over statsbudsjettet, seier kulturminister Lubna Jaffery.
Ho besøker Tinghuset i Angedalen. Thomas Walle, direktør for forsking og bevaring i Musea i Sogn og Fjordane har nett ønskt ho velkomen, og har tatt statsråden med følgje inn i den uferdige delen av bygget.
– Dette er fantastisk gode nyheiter. No er vi eitt steg nærare å realisere planane våre, seier han.
Det kostar 26,6 millionar kroner å komme i mål med Tinghuset. 17,1 millionar kroner kjem frå regjeringa, om Stortinget stiller seg bak. I tillegg er det søkt om 8,8 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune. Difor er det fylkespolitikarane som i haust har siste ordet for når arbeidet kan ta til.
Eit demokratisk prosjekt
Det som står att er enno meir magasinplass, studiemagasin, besøksrom, kontorfasilitetar og ikkje minst ein formidlingsdel med publikumsmagasin. Der vil skuleklassar og interessentar kunne komme innom dørene og sjå korleis vi jobbar med å ta vare på gjenstandane. Her kan publikum bli involvert og invitert til å delta i samtaler om kva og kvifor vi skal ta vare på dei ulike gjenstandane. Ein slags tingstad.
– Det er så viktig det de vil gjere med formidlinga. De får denne unike kombinasjonen der de digitaliserer informasjonen om gjenstandane, de set det på magasin, og så kan folk komme og sjå. At dei som er unge i dag også får ei innsikt i kor dei kjem frå, kva er denne staden, korleis såg det ut før i tida, det er så viktig. Eg blir ganske muggen om ikkje Stortinget godkjenner det, seier Jaffery, og bryt ut i latter.
– Den bodskapen fortener ein applaus, seier ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.
Takksam ordførar
– På vegne av kommunen vil eg sei at vi er utruleg takknemmelege for at dette prosjektet no kan fullførast. Så vi kan ta vare på og vise fram kulturarven vår på denne måten. Det er viktig for både barn og unge som veks opp her, men og vaksne. Dette er ein flott gest til oss, seier Følling.
– Det skulle berre mangle. Vi må fullføre det vi byrjar på, seier Lubna.
Musea i Sogn og Fjordane har planane klare og lagt forholda til rette for å starte fort opp med arbeidet, så snart midlane er løyvd. Kjem resten av pengane på plass i haust, ser ein difor for seg å komme i mål i løpet av 2025.
– I 2026 håpar vi det vere mogeleg for både skuleklassar og andre og komme for til dømes tilrettelagde undervisingsopplegg, eller for andre interessentar om som ønskjer å sjå nærare på gjenstandar, seier Walle