Artikkelen er oppdatert 8. januar 2024 klokka 16.58. Grunna feil registrert besøkstal for 2022 i utrekningsgrunnlaget for Vågsberget og Kystmuseet, vart endringa i besøkstalet til 2023 for dei to musea feil. Det medførte også ein feil av samla prosentvis vekst i besøkstalet for Musea i Sogn og Fjordane.
Med oppdatert statistikk, er det Vågsberget som har størst prosentvis auke av alle musea på 275 prosent, medan Kystmuseet har ein besøksnedgang frå 2022 til 2023 i staden for vekst. Det samla auken i besøkstal for Musea i Sogn og Fjordane er også korrigert frå 29 prosent til 23 prosent. Vi beklagar denne feilen.
*
– Etter eit historisk dårlig år for Vågsberget i 2022 bestemte vi oss for å legge ned ekstra arbeid i marknadsføringa av denne unike handelsstaden for sommarsesongen 2023. Med ekstra aktivitet i våre eigne kanalar og eit knallsterkt team lokalt på plassen har vi klart å snu trenden, seier museumsleiar Annette Langedal Holme, som ikkje har tenkt å kvile på laurbæra.
– Denne trenden har vi trua på skal halde fram i 2024. For komande sesong jobbar vi allereie no med ei ny utstilling og avtalar om fleire gruppebesøk, blant anna frå cruisenæringa. Måløy for alvor er i ferd med å utvikle seg som cruisedestinasjon med eit tydeleg lokalt eigaskap til tilboda gjennom Måløy Adventure. Både Vågsberget og Kystmuseet i Sogn og Fjordane er med på tilbydarsida når heile verda går i land i Måløy seier Holme.
Lokalt samarbeid viktig
Nest størst prosentvis vekst i besøkstalet hadde Kvernsteinsparken, med ei auke på 147 prosent fleire besøkande enn året før (det var dette museet som før feilen nemnt ovanfor trona øvst på besøkspallen).
– Det er gledeleg og motiverande for meg, seier Alexander Rauboti, fire dagar etter at han offisielt byrja som museumsleiar i Kvernsteinsparken.
Han peiker på det at folk har byrja å reise og delta i kulturtilbodet etter pandemien som viktig for veksten, men at ein annan faktor har vore viktigare.
– Kvernsteinsparken og Musea i Sogn og Fjordane har igjen fått formidla parken ut til publikum, gjennom att museumsleiar har vore på plass att. Nyleg avgåtte Torunn Beck var ein god leiar og ambassadør gjennom samarbeidsvilje og utoverretta verksemd. Sist år var det også jobba svært godt på sosiale medier for å synleggjere tilbodet, seier Rauboti, men er klar på at det er plass til mange fleire gjester hjå seg i Hyllestad.
– I 2023 byrja ei ny satsing, nemleg samarbeidet med Fjordkysten regional- og geopark og andre partnarar om opprettinga av episenter her i Kvernsteinsparken. Det vil løfte parken og gje eit betre formidlingstilbod. Elles er reiselivet i ei drivande utvikling i regionen, og eg ser fram til å mellom anna samarbeide med Fjordkysten og Sunnfjord, seier han.
Stor aktivitet løfta Kunstmuseet
I reine tal besøkande er det Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde som har hatt størst vekst. Der fekk over 3000 fleire enn året før ei kunstoppleving. Utstilling med Nikolai Astrup sine måleri har vore viktig for resultatet, men museet har hatt eit høgt aktivitetsnivå året igjennom, også etter Astrup.
– Dei siste fire månadane har vi hatt over 2000 besøkande. Etter Astrup har vi gjennomført den første Kunstveka, Muri-utstillinga, jubileumsfeiring av Torsheim med pop-up utstilling i samarbeid med Sunnfjord kommune og ei samtidskunstutstilling med Ingeborg Andersskog, seier museumsleiar Mayra Henriquez.
Museet har også hatt fleire familieverkstader, foredrag og kunstnarpresentasjonar, japansk trykkeverkstad for vaksne og fleire skulebesøk og vore involvert i Innovasjonsveka Sunnfjord.
Aller flest til Kaupanger
Aller flest museumsgjester har, som vanleg, funne vegen til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Det store, tradisjonelle museet på Kaupanger bikka nesten ti tusen besøkande, ei auke på 17 prosent sidan 2022.
– Vi hadde mål om ti tusen besøkande samla for De Heibergske Samlinger og Sogn Fjordmuseum. Det er vi veldig glade for at vi klarte. Det har vore ein jamn auke generelt, men eg trur den største veksten er fleire turistar. Sogn er jo ein god turistdestinasjon, og då dryp det litt på oss, seier museumsleiar Aud Ross Solberg ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Samla vekst på 23 prosent
Med to unntak, hadde alle musea våre fleire gjester i fjor enn året før. Til slutt enda vi opp med 48459 besøkande. Det er ei auke på nær 9000 personar, 23 prosent.
– Det er gode tal, sjølv om vi har ei målsetting om 70.000 besøkande i 2026. Dette er eit godt steg på vegen. Det er sjølvsagt kjekt for oss at når andre er interessert i det vi driv med. Så er det viktig for oss med eigeninntektene besøka gjev, vi får meir ressursar til å utvikle nye og betre tilbod, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
Han fortel at museumssektoren generelt opplever at tilbakevendinga frå korona-dvalen tek lenger tid enn ein hadde håpt på. Likevel trur han ikkje veksten kjem av seg sjølv, men av tilbodet og det arbeidet dei tilsette legg ned.
– Eg meiner vi gjer ein veldig god jobb på fleire område, det vi tilbyr er relevant for fleire. Så byrjar konsolideringa og omorganiseringa av musea å få effekt – vi samordnar ressursane våre og hjelper kvarandre på tvers, så det er meir som let seg få til, seier Heggheim.
Eikaasgalleriet og Kystmuseet i Sogn og Fjordane hadde nedgang i besøkstala.
– Når det gjeld nedgangen hjå Kystmuseet, så hadde vi to store samarbeid i 2022 som gav mange besøkande, mellom anna Fjordsteam i Bergen. Desse har vi ikkje hatt i år. Samanliknar vi ’22 og ’23 utan desse arrangementa, syner tala for Kystmuseet ein svak auke, seier Heggheim.
Nedanfor ser du tala for det enkelte museum.