Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Smilande kvinne med grått hår og svart t-skjorte framfor gamle trebygningar med torvtak.
Publisert 03/09/2024
Av Henning A. Hellebust

Overvelda av besøket

Stadig fleire gjestar musea våre, men nok ein gong var det Nikolai Astrup flest ville sjå i sommarmånadane.

– Her er vi no, og gleder oss over at hagen og husa lyser av glede og stoltheit, sa Hennar Majestet Dronning Sonja den 22. juni i sommar.

Ho sto på brua inn til Nikolai Astrup sitt atelier. Der erklærte ho Astruptunet for nyopna. Bakkane rundt var fulle av sunnfjordingar og tilreisande som hadde kome for å sjå. Sidan har det kome ein jamn straum.

Filmen er ei oppsummering av opningsdagen.

Ved oppteljinga av gjester hittil i år, har tal besøkande til Musea i Sogn og Fjordane auka med 19 prosent i forhold til same tid i 2023. Til saman har 43 976 personar vore innom dørene, mot 37 000 på same tid i fjor. Astruptunet er det museet som har hatt størst auke, med 88 prosent og 6739 besøkande.

– Veldig mange har vore nysgjerrig på nyopninga etter rehabiliteringa av Astruptunet. Nokon skryt av utstillinga, andre av hagen og nokon av det som har skjedd inne i husa, seier museumsleiar Solveig Berg Lofnes, som har hatt det beste besøket på nesten 20 år.

3000 koppar kaffi

Eit tallaust mengd sveler og nesten 3000 koppar kaffi er selt, og sommarvertane har minst gått eit hundretals omvisingar.

Ein sirkel av folk mellom gamle trebygningar med grastak.
Ein sommarvert har med seg ei gruppe på omvising i Astruptunet.

– Folk har brukt lang tid. Det har vore veldig kjekt å vere her i sommar, fordi alle har vore så begeistra. Det er den store gleda, at både restaureringa, det vi har gjort i husa og årets utstilling har blitt tatt så godt imot, ein vert overvelda, seier ho.

Kunst og psykisk liding slo an

Også Sogn Kunstsenter har sett uvanleg vekst av publikum denne sommaren, med 63 prosent auke og 3050 besøkande. Ei heilt spesiell utstilling har skapt ny interesse for galleriet.

– Årets besøkstal viser at vi har skapt ei utstilling som treff lokalt, og som har skapt nysgjerrigheit blant tilreisande. Besøkstal med positiv trend er alltid gledeleg, pila går rett veg for Sogn Kunstsenter, og det er eg veldig stolt over, seier avdelingsdirektør for kunst, Tor Martin Leknes, som også skryt over samarbeidet med Lærdal kommune.

Portrett av smilande kvinne med gråleg, oppsett, hår og briller, måleri i bakgrunnen.
Ingrid Norum har fordjupa seg i Hans Gjesme sitt kunstnarskap medan har var tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus.

– Utstillinga er eit resultat av mange års forsking og fordjuping i kunstnarskapet til Hans Gjesme, som seniorrådgjevar Ingrid Norum har stått for. Ho har plukka ut nesten 100 verk som vart skapt medan Hans Gjesme var tvangsinnlagt på Gaustad sjukehus mellom 1955 og 1971, seier han.

Så i tillegg til utforsking av lærdølen sitt kunstnarskap, rettar den fokus mot psykisk sjukdom. Slik tek den tak i problemstillingar utover Gjesme sin kunstnarskap og inn i folk sine eine eigne liv.

Ei kvinne i smashing grøn kjole studerer måleri.
Publikum på Gjesme-utstilling i Lærdal. Utstillinga vil også stå i 2025.

Veks på arrangement

Vågsberget i Måløy og Sogn Fjordmuseum i Kaupanger har hatt ei publikumsauke på 44 og 59 prosent. Begge har satsa på dyktige sommarvertar som driv god formidling. Samtidig kjem mykje av veksten frå to nye, svært vellykka arrangement, Open dag i Kaupanger og handelsdag på Vågsberget.

Engasjert kvinne peikar, eldre menn ser på.
Annette Langedal Holme har omvising for ei gruppe hyarar på Vågsberget.

– Vi hadde håpt at vi skulle få gjester frå cruise-anløpa, men det gjekk ikkje heilt som ønskt. Men handelsdagen var svært vellykka, seier museumsleiar Annette Langedal Holme, som ikkje er framand for å gjere det til eit årleg avslutningsarrangement for sesongen.

Også dei andre musea med høg auke i besøkstal, viser til eit stort mangfald av arrangement som ei viktig årsak til at fleire tek turen på museum. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum i Kaupanger, er eitt av dei. Vårt mest besøkte museum med 7903 besøkande har ein vekst på 15 prosent, og har gjennom året gjennomført svært mange arrangement.

Dame held opp sinnetein framfor to barn.
Vinterferiedagar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Museumspedagog Marie Sofie Sandvik viser gamal spinnekunst.

– Arrangementa våre har i år vore veldig godt besøkt av lokalbefolkninga. Vi har også hatt fleire og større bussgrupper, som utgjer ein heil del gjester. Likevel har også juli vore bra, der turistane utgjer veksten. Auken fordeler seg difor på alle publikumsgruppene våre, seier den nye museumsleiaren Trude Knagenhjelm.

Turistar strøymer til Balestrand

Norsk Reiselivsmuseum ligg midt i turistbygda Balestrand. I sommar har fleire kome til regionen, noko som har påverka besøkstala hjå museet - som fortel historia om turismen i Norge. Ein jamn vekst av mellom anna amerikanarar, belgiarar, nederlendarar. I skuldersesongen, folk frå England og middelhavslanda. Dei har ein 35 prosent vekst i besøkstalet. Samla nærmar dei seg no De Heibergeske Samlinger - Sogn Folkemuseum i tal besøkande, med 7852 gjester.

– Den nyopna Catharine Kølle-ustillinga har vore svært populær og den nye panoramafilmen har hausta gode tilbakemeldingar, seier museumsleiar Guri Våge Mossige

Måleri av kvinne i lilla frakk, gul kjole, svart hatt og vandrestav.
Catharine Kølle seiast å ha vore Norges første turist. Med solide beksaumsko, vandrestav i handa og pistol i sekken vandra Catharine Kølle (1788-1859) frå Ulvik i Hardanger ut i verda. Foto: Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum.

Våge Mossige legg til at innbyggarane i området er flittige besøkande på arrangementa til museet. At det har blitt ein viktig møteplass, også takka vere godt samarbeid med omgjevnadene.

Cruise i vekst

På Sandane har Nordfjord Folkemuseum hatt ein publikumsvekst på 24 prosent. Mykje av dette heng saman med cruise-næringa.

– Etter at Nordfjordeid fekk cruiseanløp fekk vi ei god auke. Denne gjekk kraftig ned med pandemien og har tatt tid å bygge opp att. No er vi oppe igjen, og vi merkar at gjestene er fornøgde og anbefaler oss vidare. Dei verkar veldig nøgde med opplegget vi har med både omvising med tema hus og heim i Nordfjord i 300 år, og tid til å gå rundt på eiga hand for å sjå det dei er spesielt interessert i sjølve, seier museumsleiar Anne Kristin Moe.

Smilande kvinne med oppsett hår står ved sidan av ein gamal robåt inne i eit utstillingslokale.
Museumsleiar Anne Kristin Moe på Nordfjord Folkemuseum står i utstillinga "attåt", som handlar om historiske attåtnæringar i Nordfjord.

Også fleire individuelle besøkande finn vegen opp i Jølet, der museet ligg.

– I og med at vi har ei fast utstilling og ei skiftande, samt friluftsmuseum, gjer at vi har eit fullverdig tilbod, både ute og inne, som gjer det aktuelt å besøke oss i både fine- og styggeveir, og at ein kan ta seg tida og bruke dagen her. Den nye faste utstillinga, «Attåt» som vi opna i fjor sommar, fekk ein del merksemd, og vi veit vi at fleire av dei besøkande har tatt eit aktivt val om å sjå denne, seier ho.

Nytt tilbod på Kystmuseet

På Kystmuseet i Sogn og Fjordane får opning av eit heilt nytt tilbod ein viktig del av æra for auke i tal besøkande. Den ferdig restaurerte Nilsenslippen vart opna for publikum i vår.

– Arrangement rundt Nilsenslippen har vore populære. Dei siste åra har vi dessutan fridd til lokalsamfunnet vårt, og då spesielt til småbarnsfamiliar i form av familiedagar. Desse har blitt meir og meir populære og er godt besøkt, seier Annette Langedal Holme, som er museumsleiar også for Kystmuseet, som også har hatt 15 prosent auke.

misf/varslipp_pa_nilsenslippen_msf_03190_foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Arrangementet "Vårslipp på Nilsenslippen" drog mange familiar. Museumshandverkar Øyvind Atle Skarstein var med og løyste "Splintmysteriet".

Mindre endringar

Sunnfjord Museum og Kvernsteinsparken har omlag det same publikumstalet no som på same tid i fjor. Førstnemnde har 2989 besøkande og i Hyllestad har vi klokka inn 2123 gjester. Det har også vore gjort eit forsøk med å opne autolinebåten Haugefisk for publikum i sommar, med 351 besøkande. Ikkje det store resultatet, men vi har hausta erfaringar.

Eikaasgalleriet har også i år opplevd svikt i publikumstalet, med ein nedgong på 30 prosent. Det kan ha samanheng med at den same utstillinga har hengt oppe i to sesongar.

Færre kom på Kunstmuseet

Nederst på statistikken ligg Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, med 2278 færre besøkande. Årsaka knytast til den same kunstnaren som har dratt folk til Jølster i år. I 2023 hadde kunstmuseet i Førde rekordbesøk i samband med ei stor Astrup-utstilling. Det er vanskeleg å toppe, men på mange måtar har publikumsåret likevel vore bra - museet har klart å engasjere mange.

– Viss vi samanliknar med 2022, har vi ein fin vekst i tal besøkande, seier museumsleiar Mayra Henríquez.

Ho ramsar opp eit aktivt første halvår med ei rekke godt besøkte arrangement. Det var kurs i akt-teikning, kunstvandring, familieverkstadar, omvisingar, foredrag med Kunstforedrag.no og open dag med aktivitetar knytt til opninga av «Kunst i dei tusen heimar»-utstillinga.

Tre personar smilande og tett i ein sofa. Mange måleri på veggen bak.
Kunstnarkollektivet "Alt går bra" bidrog til utstilling av strandamåleri, der innbyggarane lånte ut rundt 200 bilet private bilete museet. Frå venstre Agnes Nedregård, Branko Boero og museumsleiar Mayra Henríquez.

– Dessutan har vi hatt samarbeid med Teater Vestland og musikaren Arve Henriksen. Vi har gjennomført kunstnarsamtale og hatt seminar om restaureringa av Astruptunet. Kunstmuseet held fram samarbeidet med Kulturnatta og Førdefestivalen. Sjølve utstillinga med «Alt går bra» og strandamålarane, trakk også gode besøk gjennom heile våren. Denne fekk publikum inn på ein ny måte ved at dei lånte ut bilda sine, og fekk eigarskap til den, seier ho.

Direktøren nøgd med utviklinga

– Ein vekst i besøkstala på 16 prosent hittil i 2024 må vi vere nøgde med! Musea i Sogn og Fjordane har eit godt innandørstilbod, og med tanke på at vi har hatt ein regnfull sommar, kunne vi godt tenkt oss endå betre besøk, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Jan Heggheim står og smiler framfor gamle museumsbygningar som er ute av fokus.

– Astruptunet utviklar seg veldig fint, og det er i tråd med forventningane etter dronningbesøk og mykje positiv omtale. Tilsvarande er kunstmuseet i Førde meir tilbake til «normalen» med utstillingar som ikkje vekkjer så mykje merksemd som Astrup-utstilliga i 2023, som også rosar Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand og Sogn Kunstsenter i Lærdal med framifrå vekst og med imponerande besøkstal.

Les fleire nyheiter frå Musea i Sogn og Fjordane

Sjå alle