Forfjamsa niande-klassingar rundt eit langbord. Skjerefjøler, tolleknivar med blått skaft, eingongshanskar, ei tørka sild til kvar.
– No held de i silda slik, og skjer langs beinet heile vegen ned, forklarar museumsvert Hilde Wiik.
Ei blanding av vantru og engasjement spreier seg blant elevane. Nokon av dei har sløgd fisk før, men tørka sild, nei. Spørsmåla og kommentarane surrar rundt i den framande lukta. Går dette an å ete? Korleis gjer ein? Er dette opp? Æsj, ekkelt!
«Sild og nervefeber»
Vi er på Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Klassen frå Askvoll skule deltek i museet sitt opplegg «Sild og nervefeber». I løpet av knappe to timar lærer dei om sildefisket, levekår og sjukdomar i Florø og på kysten rundt 1860. Den store finalen er å reinske og smake, i alle fall lukte, på tørka sild. Kystens sølv.
– Faktisk så kunne ein ung gardsgut tene like mykje på to vekers sildefiske som han kunne tene eit heilt år på å jobbe på gard. Men det var beinhardt arbeid. Folk jobba og levde og sov tett saman. Dei sanitære forhold var dårlege. Så smitta av sjukdomar, som nervefeber, eller tyfoidfeber, var høg, forklarar museumspedagog Ingvild Bakken Hekland.
Etter at ho har hatt ein kort presentasjon og vist naserynkande illustrasjonar av korleis folk såg ut når dei vart spedalske, tek ho ungdomane med i museet sin svære båthall. Der får dei sjå kva båtar som vart brukt til sildefiske, fangstreiskap og anna utstyr.
Lære ved å oppleve
– Det å kunne sjå og oppleve ting er noko heilt anna enn undervising i klasserom. Vi kan fortelje om Bakkejekta og båt og sildefiske, men å sjå båtane, få andre til å fortelje, det er noko heilt anna, seier norsklærar Siri Nesberg ved Askvoll ungdomsskule.
Læraren fortel at elevar lærer ulikt, så det har ein verdi og sjå og prøve ting utanfor klasserommet. Å oppleve og smake og lukte kan bidra til at dei lærer betre. Ho meiner også at ein slik tur er viktig for den sosiale bygginga i klassa.
– Tilbodet passar inn med historiepensumet til elevane. At det er gratis, er likevel det som utløyste eit museumsbesøk. Kommunen har nok ikkje pengar til slikt, så det hadde ikkje vore aktuelt om det ikkje var gratis, seier ho.
Gratis museumsbuss
Skulen har nytta seg av tilbodet museumsbuss som er heilt nytt hjå Musea i Sogn og Fjordane i år. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gitt musea ein million kroner i støtte, så vi kan betale transport for alle niandeklassar i Sogn og Fjordane som ønskjer å legge inn besøkt til musea våre som del av si undervising. Frå før er alle tilbod til skule og barnehage gratis. Med denne ordninga, bidrar stiftinga til at elevar kan besøke museum dei elles ikkje hadde hatt høve til i løpet av skuleløpet sitt.
Artikkelen held fram under bildet.