– No gler vi oss veldig til å setje i gong med innflyttinga, seier konservator Kristine Ness ved Musea i Sogn og Fjordane. Ho er ein av dei som skal styre arbeidet med innflyttinga i det sårt etterlengta magasinet.
I alt har musea 165.000 kulturhistoriske gjenstandar, kunstverk, og fotografi - og det blir stadig fleire. Mange av desse treng betre lagringsforhold. Med Tinghuset får dei det. Kulturarven får no nesten fire tusen kvadratmeter å boltre seg på i Angedalen.
– No kan vi ta i bruk 2400 kvadratmeter av eit samla areal på 3 900 kvadratmeter. Det betyr at areala vi treng for å byrje arbeidet med sikring av gjenstandar er på plass. Men – både eit større magasin og alt som er publikumsretta manglar enno, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
Nøgd med Åsen & Øverlid
I dag overleverte entreprenør Åsen & Øvrelid bygget. Det skjer til planlagt tid og etter budsjett. Musea i Sogn og Fjordane er svært nøgd med resultatet, men er ivrige etter å gjere det heilt ferdig.
– Vi vonar at Stortinget vil hjelpe oss med dei rundt 27 millionane vi treng for å fullføre Tinghuset. Vi søkte til statsbudsjettet 2024, og nådde ikkje fram, og fornyar no søknaden for statsbudsjettet 2025. Vi er avhengig av politisk vilje i både stat og fylkeskommune for å komme i hamn. Eg vel å tru at styresmaktene både statleg og regionalt vil fullføre det dei har begynt på, seier han.
Først når desse midlane er sikra, kan museet realisere alle planane og gjere Tinghuset heilt ferdig. Ikkje berre vil ein kunne sikre samlingane for ettertida, ferdigstillinga av bygget vil sette Musea i Sogn og Fjordane heilt i fremste rekke kva gjeld å gjere samlingane tilgjengelege for både utstillingar, forsking og publikum.
Opning 2. februar
Den offisielle opninga av Tinghuset skjer den 2. februar 2024. Arbeidet med å flytte inn blir ein stor og krevjande jobb for musea. Avdeling for forsking og bevaring skal jobbe fram rutinar for korleis gjenstandar som skal inn i museet skal handsamast. Kvar enkelt gjenstand må igjennom mange «postar» før den kan plasserast trygt i magasinet. Reingjering, fotografering, registrering og til slutt plassering i magasin. Gode system må på plass. Så kan flyttinga byrje –mellombelse lagringsplassar skal tømmast, og kvar gjenstand skal få sin heim.
– Innflytting i Tinghuset er også starten på ei ny tid, der vi må gjere ubehagelege val i samlingsforvaltninga. Ikkje alt skal takast vare på, vi var trass alt ni museum som vart samanslegne. No får vi betre oversikt, og det er begrensa kor mange nesten like gjenstandar vi treng å bevare. Dei gjenstandane vi vel å ta med vidare, får det mykje betre, seier Heggheim.
Betre oversikt og tilgjenge
Magasinet vil gje betre oversikt over gjenstandane, og det vil vere gode oppbevaringsforhold. Tinghuset vil ha både klimakontroll og skadedyrkontroll. Dette er viktig for å hindre nedbryting av gjenstandane, slik at dei kan bli med oss inn i framtida.
Tinghuset vil romme ulike magasin til ulike føremål. I Sogn og Fjordane har vi til dømes mange lokale tradisjonsbåttypar som vi no kan ta vare på i gode magasin. Dette vil vere viktig for å bevare kjeldeverdien som desse båtane har for framtida. Svært viktig blir det også at magasinet vil legge til rette for langt betre arbeidsforhold for dei som jobbar med samlingane.
Tryggare lagringsforhold
Brannsikringa i Tinghuset er også svært god. Oversiktlege system sikrar at musea har plass til tilvekst og samlingsutvikling i tida framover. Tinghuset er eit stort løft for Musea i Sogn og Fjordane, eit viktig bidrag å sikre den rike kulturarven vår.
Ramma for avtala med hovedentreprenør Åsen & Øvrelid 62 millionar kroner av eit prosjektbudsjett på 76 millionar kroner. Kulturdepartementet har bidratt med 40 millionar, fylkeskommunen med 20 millionar. Dei resterande kostnadene dekker Musea i Sogn og Fjordane i eigenkapitalinnsats. Så manglar det som nemnt framleis rundt 27 millionar for å gjere Tinghuset heilt ferdig.
2023 Tinghuset er delvis ferdig og blir overlevert frå entreprenør 21. desember.
2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset.
2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.
2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.
2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.
2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.
2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».
2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»
2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.
2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.
2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.
2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.
1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.