I vår kom resten av finansieringa på plass, og sist veke var Aasen & Øvrelid AS på i gong med byggearbeidet. Det neste halvåret skal fellesmagasinet for kunst- og kulturhistoriske gjenstandar, Tinghuset, gjerast heilt ferdig.
– Eg gler meg veldig. Spesielt til publikumsdelen. Eg ser fram til å involvere gjester i arbeidet vårt, gje dei eit gløtt bak kulissane for korleis vi tek vare på kulturarven, seier konservator Kristine Ness, som er leiar på Tinghuset.
No får dei eit eige formidlingsrom og eit publikumsmagasin. Det vil gje anledning til å få inn ulike grupper eller skuleklassar for å sjå korleis musea tek vare på, dokumenterer og forskar på gjenstandar.
Vil lære frå utlandet
– Snart skal eg vere med på ei studiereise til London, der mange museum har byrja med eit slikt tilbod. Der håpar eg å få kunnskap og idear til korleis vi kan løyse det hjå oss. Eg ser til dømes føre meg samtalar med publikum om kva tek vi vare på og kvifor, seier Ness.

Også arbeidsforholda for dei tilsette vert betre. No får dei kontor og pauserom. Det vil dessutan bli studierom for gjestande forskarar, studentar eller andre som har behov for å undersøke gjenstandar i Tinghuset.
– Det vil styrke fagmiljøet her også, å få besøk av og jobbe saman med både studentar, forskarar og kollegaer frå andre museum, seier ho.
Hyllemekka for kulturarven
Og så, sist men ikkje minst, dei får endeleg på plass hovudmagasin for små gjenstandar. Eit rom på over 500 kvadratmeter fullt av rullande reolar med tusenvis av hylleplassar. Dei vil gå på skinner som er støypt ned i golvet, og ha ulike storleikar for ulike gjenstandar.
Alle gjenstandane til Musea i Sogn og Fjordane skal ikkje til Tinghuset. Fleire museum har store magasin, som framleis vil vere i bruk. Men overfylte magasin, låvar, leigde lager og andre midlertidige lagringsplassar, vil no sakte kunne tømmast.

Dette skal dei bygge ferdig
Undervisingsrom for formidling, verkstad og aktivitetar for skular eller andre grupper som vil lære om korleis ein tek vare på kulturarven.
Publikumsmagasin. I tilknyting til undervisingsrommet, vert det eit mindre magasin der publikum får sleppe inn for å sjå og lære.
Studierom med tilhøyrande studiemagasin. Her kan studentar, forskarar eller andre som ønskjer om å undersøke gjenstandar i magasinet, få gjere det.
Hovudmagasin for små gjenstandar på 525 kvadratmeter med totalt 2000 hyllemeter og eitt mindre magasin.
Konserveringverkstad. Eit rom for å klargjere gjenstandar for utstilling, nødvendige reparasjonar, stopping av vidare forfall.
Båtgarasje med ei taljeløysing for å løfte båtane av lasteplan og inn i båtmagasinet.
Kontor og møterom for tilsette.
Tidsline for Tinghuset
2025 18. august starta arbeidet med ferdigstilling. Forventa overlevering av ferdig bygg januar 2026.
2024 Den 2. februar vart Tinghuset opna av kulturminister Lubna Jaffery.
2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset.
2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.
2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.
2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.
2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.
2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».
2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»
2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.
2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.
2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.
2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.
1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.