Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Tre personar på rotete byggeplass.
Publisert 24/04/2025
Av Henning A. Hellebust

Gler seg over byggevedtak

Betre arbeidsforhold, eige magasin til mindre gjenstandar og tekstilar og lokale til å ta imot publikum. Endeleg skal Tinghuset byggast bli ferdig. Åsen & Øvrelid AS er entreprenør.

– Vi har fått ei løyving frå Vestland fylkeskommune på 1,5 million kroner. Det er mykje mindre enn det vi hadde håpt på, men tilstrekkeleg til at vi vel å sette i gang prosjektet, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Tinghuset er Musea i Sogn og Fjordane sitt felles magasin for kulturhistoriske gjenstandar og kunst. I dag er den siste tredjedelen berre eit tomt skal. Samlingsforvaltar Sergio Tassi, magasinforvaltar Nils Åge Kvamme og prosjektmedarbeidar Agata Bartkiewicz gler seg over at ein no kjem vidare.

Hausten 2024 løyvde regjeringa 17 millionar kroner over statsbudsjettet til ferdigstilling. Kostnadane var då berekna til 26 millionar kroner. Det er difor tatt grep for komme i mål for ein billegare penge.

Industribygg med brun fasade i midten  og ein grå fløy på kvar side.
Hallen til høgre på biletet og andre høgda i den brune delen skal no ferdigstillast. Bygget var tidlegare ein fabrikk, og vart kjøpt for 11,8 millionar kroner av Musea i Sogn og Fjordane i 2017. Det skal romme kunst og kulturhistoriske gjenstadar frå heile regionen.

– Vi har gått igjennom kalkylane saman med entreprenøren på nytt, og brukt erfaringar frå første byggetrinn til å finne rimelegare løysingar. Så det har vore litt endringar på materiale og innhald, men hovudfunksjonane vil bestå, seier Heggheim.

– Åsen & Øvrelid er glad for at Musea i Sogn og Fjordane omsider får moglegheit til å fullføre heile prosjektet. For oss som entreprenør er det alltid best når vi kan få være med å fullføre heilt ut til ferdig resultat. Prosjeket er ikkje av dei største, men eit kjærkome tilskot i ordrereserven for hausten i ein krevjande bygg- og annleggsmarknad, seier dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid AS.

Signerer avtale som ligg på eit blått bord, kameramann frå NRK filmar.
Arkivfoto: Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid AS og administrerande direktør i musea, Jan Heggheim, signerte avtale om bygging av fellesmagasin den 1. november 2022. NRK dekka saka.

Innflytting ved årsskiftet?

Ambisjonen er byggestart så snart som råd og innflytting allereie rundt årsskiftet 25/26. Då vil vi ha eit komplett magasin for store og små gjenstandar, vi får arbeidsrom for tilsette og undervisingsfasilitetar for studentar og skulelevar.

– Dette blir ei ny tid for samlingsforvaltinga. Vi har jo kome godt i gong sidan innflyttinga i fjor, men no er vi verkeleg klar for å gjere jobben. Det vil gje mykje betre arbeidsforhold, og ikkje minst vil det bety noko for tilgangen til samlingane for andre enn museumstilsette, seier han.

Masse gamle gjenstandar i hyllereol med kvite lappar.
Den ferdige delen av Tinghuset har byrja å fylle seg opp. Store søkbare databasar med oversikt over hylleplassering og strekkode på kvar gjenstand, gjer tilgjengelegheita svært god.

Ein reknar at over 90 prosent av eit museum si samling ikkje er utstilt. Med dette nye magasinet, vil forskarar, undervisarar, historikarar eller andre som har behov for tilgang til alle dei gjenstandane som ikkje er i utstilling, få mykje betre mogelegheit for det. Det er ein svært viktig del av musea sin funksjon at kulturarven er tilgjengeleg.

Byggeprosjektet med nytt fellesmagasin hadde totalentreprise, men grunna auka kostnader spesielt knytt til prisstigning, måtte det delast opp i to etappar. Entreprenør Åsen & Øverlid hadde første trinn, og har hatt opsjon på fullføringa.