Sunnfjord Museum
Resepsjonen er mellombels flytta til Halbrendhuset
Resepsjonen er flytta til Halbrendhuset i november og desember medan besøksbygget blir bygd om. Halbrendhuset er det kvite bygget opp bakken frå besøksbygget. Huset har dessverre ikkje tilkomst for dei som brukar rullestol eller rullator, men vi legg gjerne til rette dersom de tek kontakt med tilsette: tlf. 57 72 12 20, sum@misf.no.
Opplev Sunnfjord Museum
Bli med inn i dei små lafta stovene våre, og stig inn i livet til sunnfjordingen på 1800-talet.
Bli med!Nyheiter
Kunnskap
Samling, forsking og bevaring
Samlinga vår er ein viktig del av kulturarven i Sunnfjord. Den er grunnlag for forsking, bevaringsarbeid og utstillingar. Les om arbeidet, søk i samlingane eller finn ut korleis kontakte oss med spørsmål om samlingane.
Tilby ein gjenstand til museet?
Har du fotografi, gjenstandar eller noko anna du ønskjer å tilby museet si samling? Finn ut korleis du gjer det her.
Planlegg besøket ditt
Opningstider
Prisar
- Vaksne: 130 kr
- Honnør/Student: 100 kr
- Born 0-17 år: Gratis
- Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris