Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gruppebilde av 50 tilsette i ei trapp som held oppe hendene.
Publisert 07/03/2025
Av Henning A. Hellebust

Frå alle oss til alle dykk

Innflytting i Tinghuset, byggestart for Holvikejekta, nyopning på Astruptunet. 2024 var året for store milepålar i denne gjengen sitt arbeid med å ta vare på og syne fram vår felles kunst og kulturarv.

Her får du ni av mange høgdepunkt som våre tilsette saman drog i land sist år. Fleire høgdepunkt og detaljar finn du i årsrapporten for 2024 litt ned på sida.

1. Øskjefabrikken som vart skattkammer

Først var det forvandlinga av den gamle øskjefabrikken, der dei lagde Grandiosa-emballasje oppe i Angedalen. På eit knapt år gjorde Åsen & Øvrelid den til eit «skattkammer». Vi opna Tinghuset 2. februar.

Kvinne med raud kåpe og svart hør. KVite bommulshanskar. Framfor ein reol med eit treskrin i.
Kulturminister Lubna Jaffery plasserte den første "skatten", eit skrin frå Jølster, i magasinet.

– Musea i Sogn og Fjordane har endeleg fått seg sitt etterlengta fellesmagasin. Dermed er det også ein stor nasjonal dag, for med dette så sikrar vi at alle dei nasjonale klenodia som de forvaltar vert tatt godt vare på, sa kulturminister Lubna Jaffery, då ho symbolsk sette den første gjenstanden på plass i magasinet, som den offisielle opninga.

Det første året har rutinar kome på plass, og ein jamn flyt av gjenstandar og kunst er på veg inn. Der vert dei tatt vare på og lagra så dei skal leve lengst mogeleg – samtidig som dei er tilgjengelege for både forsking og utstillingar i framtida.  

Smia på Nilsenslippen.

2. Slippen som gjenoppstod

Sist vinter skjedde noko så uvanleg som at eit museum i Norge opna ein båtslipp. Ein nesten hundre år gamal verkstad, som tidlegare sto i Florø sentrum, fekk nytt liv på Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Langvarig restaurering ved handverkarane Jill Tefre og Øyvind Skarstein skulle til. Uvurderleg innsats også av frivillige med bakgrunn som mekanikarar og elektrikarar. Sju mekaniske maskiner og smie er sett i stand. Sidan har både små og store fått prøve sege ved ambolten.

I 2024 opna vi ti nye kulturhistoriske utstillingar. Tema spenner frå hårmote og den første norske turisten, til jul på 1700-talet og fisket etter pigghå.

3. Samlingsstad for familiar

– Her inne vart Ole drept. Vi treng dykkar hjelp til å finne ut kven som gjorde det. Vi har funne fleire spor, men har enno ikkje funne ut kva dei betyr, seier museumspedagog Karoline Eide ved Nordfjord Folkemuseum.

Påskekrim (ein heilt fiktiv ein) på Nordfjord folkemuseum er ein av mange aktivitetar og arrangement som fekk familiar til å strøyme til musea våre i 2024. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har hatt månadlege verkstader med ulike tema, som familiar med barn besøker igjen og igjen. Både vinterferie og haustferie har vore populære møtestader for familiar ved mange av musea våre, og Kystmuseet i Sogn og Fjordane hadde kystsommarleik gjennom heile sommaren. Fleire museum har også blitt samlingspunkt i førjulstida. Publikum har vore på låven med graut til nissen, lagd julepynt og blitt tatt med tilbake til jul i gamledagar. Det er fantastisk kjekt at så mange ungar kjem for å oppleve kunst og kulturarv.

Kvinne framfor gamalt hus.
Åstaden for påskemysteriet på Nordfjord folkemuseum var i denne løa. Museumspedagog Karoline Eide ber om hjelp til å finne gjerningspersonen.

Alle desse populære familiearrangementa, og eit rekke andre samlingar, føredrag og kurs, har vore viktige bidrag til at tal besøkande i Musea i Fjordane vaks med 19 prosent i 2024. Samla hadde vi 57 668 gjester sist år, som er like mange som før pandemien.

4. Gratis museumsbuss

Forfjamsa niande-klassingar rundt eit langbord. Skjerefjøler, tolleknivar med blått skaft, eingongshanskar, ei tørka sild til kvar.

– No held de i silda slik, og skjer langs beinet heile vegen ned, forklarar museumsvert Hilde Wiik.

Vi er på Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Klassen frå Askvoll skule deltek i museet sitt opplegg «Sild og nervefeber». I løpet av knappe to timar lærer dei om sildefisket, levekår og sjukdomar i Florø og på kysten rundt 1860.

Elevar står tett bak ein haug med garn.
Elevane har nytta seg av tilbodet Museumsbuss. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gitt musea ein million kroner i støtte som dekker reisa for niandeklassar i Sogn og Fjordane som vil besøke musea våre.

– Det å kunne sjå og oppleve ting er noko heilt anna enn undervising i klasserom. Vi kan fortelje om Bakkejekta og båt og sildefiske, men å sjå båtane, få andre til å fortelje, det er noko heilt anna, seier norsklærar Siri Nesberg ved Askvoll ungdomsskule.

Musea i Sogn og Fjordane har over 50 ulike tilpassa opplegg for både barnehageborn og skuleklassar. Alle tilboda er gratis. Med "museumsbussen" og gratis transport for alle niandeklassar gjev vi enno fleire unge mogelegheita til å få læringsopplevingar med pedagogane våre.

5. Ein ny heim reiser seg

– Det er veldig kjekt å vere i gang, no er det verkeleg. Eg tenkjer på kor mange som har jobba med dette, i bokstaveleg tala 100 år, for å ta vare på jekta. At den har blitt bevart etter så mange personar sin innsats i så lang tid. Eg får ei god kjensle, sa museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane juni 2024.

Då byrja byggearbeidet til det som skal bli Holvikejekta sin nye heim. Fire månader seinare var det kranselag med Veidekke bygg og Olav Hjelmeset. Eitt år etter byggestart, 6. juni 2025, opnar bygget for publikum etter ein maratonseglas av dei sjeldne.

Folk i arbeidsklede rundt eit bord, ein mann i enden held tale.
Kranselag i det nye verne- og formidlingsbygget på Holvikejekta. Administrerande direktør Jan Heggheim helsar arbeidsfolket.

Holvikejekta er den einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Den vart bygd på Sandane i 1881 og sett på land i 1906. Etter å ha stått under ulike midlertidige tak, får den no eit verne- og formidlingsbygg for framtida.

6. Full «makeover»

Det var nesten som folkevandring å rekne, då Astruptunet nyopna vesle Jonsokaftan 2024. Over 300 jølstringar og Astrup-entusiastar møtte opp for å få med seg storhendinga.

– Astrup var i kunsten sin, i staden sin, tresnitta, plantene og i naturen rundt han. Her er vi no, og gler oss over at hagen og husa lyser av glede og stoltheit. Nikolai Astrup og hans Engel har kome oss nærare, sa Hennar Majestet Dronning Sonja, i si opningstale.  

Få med deg høgdepunkta frå gjenopningsdagen, inklusiv ein smakebit av Dronning Sonja si tale.

Det var ein gledens dag for Musea i Sogn og Fjordane då det fire-årige arbeidet med å restaurere og tilbakeføre Astruptunet kom i mål. Vi applauderer Sunnfjord kommune, Sparebankstiftelsen DNB, Kode og prosjektgruppa til mellom anna Lars-Henrik Milert og Ingeborg Mellgren Mathiesen pluss ei god samling handverkarar for resultatet.

Men - det stoppa ikkje der. I desember presenterte Sunnfjord kommune vinnaren av arkitektkonkurransen for eit nytt visningssenter for Nikolai Astrup på Sandalsstrand. Arbeidet med å skaffe finansiering er i full gang.

7. Frå golv til tak med kunst

Heilt bokstaveleg. Høgsalen på Kunstmuseet i Sogn og Fjordane vart våren 2024 fylt opp med kunst frå golvlistene, heile vegen opp, og til slutt utover taket. Og alle kunstverka var i privat eige. Ikkje hjå rike storsamlarar, men folk flest. Ikkje nok med det, langt frå alle rekna bileta som kunst.

Tre personar smilande og tett i ein sofa. Mange måleri på veggen bak.
Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried til venstre utgjer kunstnarkollektivet "Alt går bra". Til høgre leiar Mayra Henríquez ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane.

– Vi kallar dei strandamålarane. Det var nokre bønder frå Stranda i Nordhordland som på 1940-talet fekk den ideen at dei kunne tene pengar ved å lage kunst for folk flest på «samleband». I løpet av ein 20 års periode målte dei, og andre som let seg inspirere av dei, om lag ein halv million bilete, sa museumsleiar Mayra Henríquez ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane.

Kunstnarkollektivet «Alt går bra» sto bak utstillinga, som heitte «Kunst i dei tusen heimar – Stig på!» Måleria var rett og slett eit innlån frå innbyggarane i Sogn og Fjordane, og trakk samtidig nye besøkande til Kunstmuseet. Dette var ei av i alt åtte nye kunstutstillingar som avdeling kunst stelte i stand i 2024 – inkludert fleire høgdepunkt på Eikaasgalleriet, Astruptunet og Sogn Kunstsenter som du kan lese meir om i årsrapporten eller finne på nettsida til dei ulike musea.       

8. Amme-ekspertise

Visste du at for eit par hundre år sidan, så var det ikkje uvanleg at kvinner drog frå familien sin her oppe i nordfylket og gjorde teneste som ammer for rikare stilte familiar? Dette er eitt av temaa forskarane våre gjekk i djupna på i 2024.

Konservatoren Kristine Ness sit foran huset på husmansplassen på Sunnfjord Museum.
Konservator Kristine Ness ved Sunnfjord Museum, framfor stova der amma ho forska på, budde.

– Eg vart særleg nysgjerrig på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn heime for å ta arbeid i Bergen. Korleis vart dei sett på av si eiga samtid – både heime i Sunnfjord, men også av borgarskapet i Bergen? Eg har alltid vore interessert i levde liv, og det har vore motiverande å kunne løfte fram ei gruppe kvinner som har vore lite belyst elles, seier konservator Kristine Ness ved Sunnfjord Museum, som sist haust fekk publisert ein fagfellevurdert artikkel i bladet Heimen.

Ness er ein våre konservatorar og andre vitskapeleg tilsette som går metodisk til verks og jobbar med å forske og finne svar på spørsmål om kunst- og kulturhistoriske fenomen, gjenstandar, verk eller kunstnarliv.

9. Fortidas metode, framtidas yrke?

Ein rundstokk som er kløyvd etter margen skal øksast til ein laftestokk. Reiskap? Økser som høver til jobben. Først teikne opp kvar ein skal hogge med kritsnor. Så feste stokkane med holdhake. Fram med storøksa, hogge inn hakk til linja, klamphogge. Så skante – hogge bjelken flat langs linja.

To elevar høgg på ein tømmerstokk.
Her er Christer Dyngen og Aleksander Håland snart ferdige med å skante ein laftestokk. Elias Ålen ventar på tur.

– Eg har ikkje høyrt om det før, klamphogging og skanting, men eg tykte eg fekk det til. Det var kjekt, det er fett å bruke øks, det brukar vi ikkje så ofte. Du føler deg litt bøs, smiler Christer Dyngen.

Det finst mange karrieremogelegheiter i Musea i Sogn og Fjorande. Sist haust fekk to klassar frå Førde vidaregåande skule prøve tradisjonelle handverksteknikkar og verktøy saman med fem av våre museumshandverkarar. Med fagbrev som tømrar, er vegen open for å bli museumshandverkar. I 2024 hadde vi sju handverkarar. Hovudansvaret deira er å ta vare på dei kulturhistoriske bygga våre, særleg ved Kystmuseet, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, men også andre stader vi har anlegg.

Tusen takk!

Vi ønskjer å takke alle vi har samarbeida med og som har bidrege med støtte og finansiering. Vi vil også takk alle dei frivillige som stiller opp for å hjelpe oss med å både ta vare på gjenstandane våre, men også formidle kulturarven. De er uvurderlege!

Les fleire nyheiter

Sjå alle